Hålandsdalen Montessoriskule søkjer Montessoripedagog

Hålandsdalen Montessoriskule starta opp hausten 2016, og vil til hausten ha rundt 55 elevar. Skulen ligg i naturskjønne omgjevnadar i Fusa kommune, midt i Hordaland. Reisetid frå Bergen er vel ein time.

Vi søkjer ein utdanna grunnskule-/allmennlærar med montessoriutdanning i 100 % stilling. Montessoriutdanning for aldersgruppa 6-9 år er ynskjeleg.

I tillegg ynskjer vi at du

  • er tydeleg, engasjert og elevfokusert
  • har gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og i team
  • har evne til å skape gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • ser potensialet i elevane og i omgjevnadane

Vi tilbyr:

  • eit triveleg og støttande arbeidsmiljø med god fagleg kompetanse
  • lønn etter lønnstabell i KS
  • lønnstillegg for godkjent montessoriutdanning
  • innmelding i Statens Pensjonskasse
  • God forsikringsordning
  • Hjelp til å finne bustad

Me gler oss til å høyra frå deg!

Har du spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med rektor Melinda Hjelm Hatletveit på mobil 990 37 870 eller e-post: post@hmskule.no

Tiltreding: 1.august 2018

Søknadsfrist: 24.april 2018

Søknad med CV sendast til: post@hmskule.no

Sjå òg: www.hmskule.no