Hålandsdalen Montessoriskule ligg i Hålandsdalen i Bjørnafjorden kommune om lag 1 time søraust for Bergen. Skulen ligg sentralt i bygda med barnehage og SFO i same bygning. Ved skulen ligg fotballbane, basketball bane, leikeplass, turløyper, og skiløyper. Skulen har eigen grønsakhage og drivhus samt for tida ein del høns i eige uteområde. Naturen kring skulen vert mykje brukt i samband med undervisninga.

Skulen er godkjend som montessoriskule og vert driven etter læreplan for montessoripedagogikk. Skulen har for tida om lag 47 elevar fordelt på 1. til 7. trinn. Elevane kjem frå ulike delar av kommunen. Sidan Elevane ved ein montessoriskule totalt sett har fleire undervisningstimar enn i vanleg skule er me derfor ein leksefri skule.

Undervisninga føregår i aldersblanda grupper. Skulen søkjer no etter ny rektor

Arbeidsoppgåver:
 Rektor ved skulen og dermed styret sin representant i den daglege drifta.
 Personalansvar ovanfor personalet på skulen.
 Ansvar for arbeid med helse, miljø og trivsel knytt til krava i arbeidsmiljølova.
 Ansvar for utarbeiding av fag- og timefordeling og timeplanstruktur.
 Rapportering til styret og deltaking på styremøte.
 Beredskapsansvarleg.
 Delta i undervisning ved behov.

Kvalifikasjonar:
 Relevant høgare utdanning. Det er ikkje stilt krav om utdanning innanfor
montessoripedagogikk, men dette vil klart vere ein fordel.
 Undervisningserfaring frå barneskulen.
 God innsikt i formelle strukturar og regelverk for barneskular.
 Gode kommunikasjon- og leiareigenskapar.
 Erfaring som leiar

Ta kontakt:
Styreleiar Andrè Bjørndal
tlf. 95 04 21 04
andre@byggadmin.no

Sjå og skulen si heimeside for meir informasjon: https://www.hmskule.com/
Søknaden kan sendast på: andre@byggadmin.no
Søknadsfrist: 15.04.202