Hildre Montessoriskule søkjer dagleg leiar/rektor

Vi søkjer ein dyktig person til den spanande stillinga som dagleg leiar ved Hildre Montessoriskule.

Stillinga rapporterer til styret og vil ha eit tett samarbeid med fagleg leiar som har ansvar for pedagogikk og Montessoribygging. Stillinga er ei åremåls-stilling på 5 år med mogleg forlenging.

Hildre Montessoriskule SA starta opp drifta i 2012 og er i dag med sine knappe 70 elevar blant dei største Montessoriskulane mellom Bergen og Trondheim. Vi er eit veldrive ungt firma med 10 millionar i omsetning og god økonomi. Vi ynskjer at alle våre tilsette skal få oppleve vekst og utvikling, derfor har vi gode ordningar for kurs og etterutdanning.

Viktige ansvarsområde vil være:

  • Leiing og lagbygging
  • Oppfølging av strategi
  • Økonomi
  • Drift av bygning

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt:

  • Planmessig, sjølvstendig og strukturert arbeidsform
  • Erfaring og kunnskap innan personal-oppfølging
  • Utadvendt og med gode relasjonsevner
  • God kunnskap om økonomi
  • Leiar-eigenskapar

Dette er oppgåva for deg som kan tenke deg og være med på å vidareutvikle ny kompetanse i eit spennande skulemiljø i eit lokalsamfunn som stiller opp og er ei positiv kraft rundt skulen. Lønn etter avtale og pensjonsordning i Storebrand.

Ønsker du å vere ein del av vårt team? Send oss din søknad, gjerne som e-post.

Søknadsfrist: 15.des. Alle henvendelser blir konfidensielt behandla. For spørsmål, kontakt:

Dagmund Hildre (styreleiar)
Tlf.: 906 79 752
Mail: dagmund.hildre@gmail.com

Nina Tomren (styremedlem)
Tlf.: 950 49 998
Mail: nina@nvm.no