Hjartdal Montessoriskule ynskjer å komme i kontakt med engasjerte pedagogar til Montessoriskulen i Hjartdal. Skulen starta opp hausten 2019, og har eit elevtak på 50 elever for 1. – 7. klasse. Frå hausten 2020 vil det vera opp mot 40 elevar, og 6 til 8 vaksne på skulen.

Hjartdal Montessoriskule ligg landleg til i bygda Hjartdal, vest i Hjartdal kommune. (10km fra Seljord og 38km fra Notodden) Skulen har som mål å skape eit godt og trygt læringsmiljø, der elevane møter engasjerte og trygge vaksne som motiverer dei til å utvikle seg fagleg og som menneske.

Læringsarenaen strekkjer seg frå fjell, innsjø og dalar til kulturlandskap, gardsdrift og naturbruk i skulens nærområde. I bygda har me bibliotek, nærbutikk, kunstgrasbane, hoppbakke og ljosløype. Fysisk aktivitet, utetid og oppdagande læring står sentralt i opplæringa.

Me søkjer etter:

  • Montessoripedagog.

Me ynskjer deg som:

  • Har godkjent Montessoriutdanning. Arbeidserfaring frå Montessoriskule er ein fordel.
  • Brenn for å få fram det beste i alle barn.
  • Skaper ein god og trygg atmosfære rundt deg, og har gode relasjonsferdigheitar.
  • Jobbar godt sjølvstendig og i team, samt likar varierte arbeidsoppgåver.

Me kan tilby:

  • Konkurransedyktige vilkår.
  • Fleksibel stillingsprosent.
  • Moglegheit til å påverke og vere ein del av å utvikle skulen saman med engasjerte medarbeidarar.
  • Hjelp til å skaffe bolig.

Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med
Margit Romtveit – 91761018
Arnt Helge Åbø – tlf. 917 92 747 e.kl.17

Søknad og eventuelle spørsmål sendast til: post@hjartdalmontessori.no eller margitromtveit@hjartdalmontessori.no

Adresse for søknad: Hjartdal Montessoriskule, Opsalvegen 55, 3690 Hjartdal

Søknad merkast: Søknad Hjartdal Montessoriskule

Søknadsfrist: 25.mai 2020.

 

Tilsetting krev gyldig politiattest.