Holmedal Montessoriskule vart etablert i 2005 og hausten 2019  har vi 42 elevar, fordelt på 2 grupper frå 1. – 7. klassesteg. Vi underviser elevane i aldersblanda grupper og nyttar læreplan for montessoriskulen, som byggjer på pedagogikk utvikla av Maria Montessori. Skulen ligg landleg og idyllisk til i Holmedal ved vakre Dalsfjorden, i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Vi har både fjord og fjell rett utanfor døra, og eit godt opparbeidd uteareal som vi stadig utviklar vidare.

Vi kan tilby:

  • tariffavtale / lønn etter tariff
  • pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • høve til å ta montessoriutdanning og vidareutdanning
  • trivelege, flinke og erfarne kollegaer, mange med tilleggsutdanning i montessoripedagogikk
  • tett samarbeid med kontaktlærarar og fagarbeidar

Vi har ledig stilling:

Vikariat som lærar og/eller spesialpedagog i 50 – 60 % stilling med umiddelbar verknad, t.o.m. 31. juli 2020.

Vi søkjer allmennlærar som:

  • har tilleggsutdanning i montessoripedagogikk (ikkje eit vilkår)
  • gjerne har erfaring frå barneskule og fagkompetanse og/eller erfaring med begynnaropplæring og spesialpedagogikk.
  • har «vi-kjensle», og vil vere med på å vidareutvikle skulen
  • er positiv, fleksibel og kreativ
  • kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
  • ynskjer å inspirere elevane til utforsking og læring
  • har god relasjonskompetanse

Send søknad med CV  til oss pr. e-post eller brev snarast.  

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Prøvetid 6 månader.
Krav om politiattest ved tilsetjing.

For meir informasjon sjå heimesida vår: www.holmedalmontessoriskule.no
Montessoripedagogikk:  www.montessorinorge.no

Kontaktperson: Oddveig Lyngstad, rektor, 995 00883

e-post: post@holmsk.no

Holmedal montessoriskule
Dalsfjordvegen 3007
6982 Holmedal

Tlf: 57734253