LEDIGE STILLINGAR
MONTESSORIPEDAGOG
m/kontaktlæraransvar – 100% stilling
Til stillinga som montessoripedagog og kontaktlærar i Storskulen (4.-6. trinn) søkjer vi etter ein person som:
Er montessoripedagog eller ønskjer å ta vidareutdanning innan denne pedagogikken
Er tydeleg og strukturert i rolla som pedagog
Har gode samarbeidsevner
Har evner til å bygge gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
Har eitt eller fleire av desse faga i sin fagkrets: Kunst/handverk, kroppsøving, musikk, framandspråk (anna enn engelsk), mat og helse
Har interesse for arbeid med skulehage
ASSISTENT I SKULE OG SFO
100% stilling
Til stillinga som assistent i skulen og SFO søkjer vi etter ein person som:
Har eller ønskjer relevant pedagogisk erfaring
Har kreative evner
Kan jobbe sjølvstendig
Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Er villig til å setje seg inn i montessoriprinsippa
Har god brukskompetanse på IT/data
Vi kan tilby gode arbeidsforhold blant hyggelige kollegaer, gode løns- og pensjonsavtalar, og jamleg fagleg oppdatering.
Skriftlig søknad og vedlagt CV sendes til Kjølsdalen Montessoriskule, Daltunvegen 19, 6776 Kjølsdalen, eller i e-post til thomas@kjolsdalenmontessori.no
Det vert kalla inn til intervju fortløpande
Søkjar må leggje fram gyldig politiattest ved tiltreding.
Tiltreding så raskt som råd
Søknadsfrist 15. august
For meir informasjon, ta kontakt med rektor Thomas Hals på tlf. 92441035 eller thomas@kjolsdalenmontessori.no