Ledig vikariat på Kolbeinsvik Montessoriskule

Vil du arbeida på skulen vår? På Kolbeinsvik Montessoriskule (1.-7.trinn) har me ca 50 elevar til hausten. Me arbeidar etter prinsippa i montessoripedagogikken og læreplanen, og har aldersblanda grupper (1.-3.tr og 4.-7.tr). Me har som mål å skapa eit trygt og godt læringsmiljø, der elevane får utvikla seg fagleg og som menneske. Montessoripedagogikken byggjer på eit syn der barnet er i sentrum, og elevane har fridom til å påverka val av aktivitetar i arbeidsøktene. Elevane har skuledag frå 08.15-14.45

For skuleåret 2019/20 søkjer me etter:
– Montessoripedagog/allmennlærar i 80-100% stilling. (Vikariat 01.08.19-31.07.20)

Me ynskjer:

  • Søkjarar som er utdanna montessoripedagog eller allmennlærar/grunnskulelærar.
  • Ein pedagog som har kunnskap om/interesse for montessoripedagogikk.
  • Ein kollega som er sjølvstendig og kan jobba godt i team.
  • Ein tydeleg og trygg vaksen.
  • At du har ein genuin interesse for barn, og ser den enkelte sitt behov.
  • Ein pedagog med erfaring frå undervisning i skulen.

Gode norsk-kunnskapar er ein føresetnad.
Me oppfordrar menn til å søkja.
Utdanning, relevant erfaring og personlege eigenskapar blir vektlagt.
Søkjar må leggja fram politiattest før tilsetjing.

Me tilbyr:

  • Eit kollegium som er utviklingsorienterte, kreative og løysingsorienterte.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Lønn etter kvalifikasjonar og avtale.
  • Gode pensjonsvilkår.
  • Tilsetjing frå 1.aug 2019.

Spørsmål? Ta kontakt med rektor Dorthea Margrethe Møgster, 911 039 87.
Send søknad innan 4.mai 2019 til dorthea@kolbeinsvikmontessori.no