Tuddal Montessoriskule søkjer etter entusiastiske og fagleg dyktige medarbeidarar som brenn for montessoripedagogikk. Tuddal Montessoriskule ligg i den  vakre bygda Tuddal. Skulen er oppteken av å bruka det varierte og vakre nærområde vårt.

Frå 01.01.2021-31.07.2021 har vi følgjande ledige stillingar:

  1. Montessoripedagog i 60- 80 % stilling.
  2. Spesialpedagog  med montessorikompetanse  i 50 % stilling. (fordela på 4 dagar pr.veke)
  3. Assistent i 50 % stilling

1. For stillinga som montessoripedagog ønskjer vi følgjande kvalifikasjonar og utdanning:

  • Grunnskole lærarutdanning 1.-7. (Gjerne med engelsk, matematikk og norsk  i fagkrinsen)·
  • Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk (6-9 år og/eller 9-12 år) og gjerne arbeidserfaring frå ein montessoriskule.
  • Kjennskap og interesse for montessoripedagogikken kan kompensere for manglande montessoriutdanning, så lærar utan montessoriutdanning blir også oppmoda om å søkja.

2. For stillinga som spesialpedagog med montessorikompetanse ønskjer vi følgjande kvalifikasjonar og utdanning:

  • Lærar – eller barnehagelærarutdanning.
  • Godkjent vidareutdanning innan spesialpedagogikk.
  • Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk ( 3-6 år og/eller 6-9 år) og gjerne arbeidserfaring frå ein montessoriskule.
  • Kjennskap og interesse for montessoripedagogikken kan kompensere for manglande montessoriutdanning, så spesialpedagogar utan montessoriutdanning blir også oppmoda om å søkja.

3. For stillinga som assistent ønskjer vi følgjande kvalifikasjonar:

  • Montessoriutdanning.
  • Erfaring frå eit montessorimiljø.
  • Fagbrev som barne –  og ungdomsarbeidar.

For alle  stillingane ynskjer vi at du har desse personlege eigenskapane:

  • Er engasjert, positiv og tydeleg vaksen som brenn for å få fram det beste i alle barn.
  • Har evne til å skapa ein god og trygg atmosfære og byggja gode relasjonar.
  • Jobbar sjølvstendig og bidreg aktivt i team – og utviklingsarbeid.
  • Er løysingsorientert, fleksibel, likar varierte oppgåver.
  • Kan samarbeida med ulike aktørar innanfor og utanfor skulen.
  • Er punktleg og påliteleg.
  • Bidrar til eit positivt og støttande arbeidsmiljø.
  • Interesse for å bruke naturen og nærområdet som læringsarena.

Vi tilbyr:

  • Tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk.
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer.

Stillingane lysast ut med atterhald om behov, og det er moglegheit for at stillingane kan forlengast.

Søknadsfrist: 16.november

Søknad med CV sendast til post@tuddalmontessori.no

For spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Torhild Landsverk på tlf. 90052106 eller e-post: torhild@tuddalmontessori.no