Ledige stillingar som barnehagelærar

Har du lyst på ein jobb som gjev utfordringar, spenning og mykje glede?

Då er kanskje ein jobb hos oss noko for deg?

Barnehagen vår ligg fritt og landleg til i bygda Kjølsdalen i Eid kommune. Vi har i dag 38 barnehageplassar fordelt på 2 avdelingar og har romsleg med plass både inne og ute. Rundt oss har vi eit flott nærområde med skog og natur som vi er aktive brukarar av. Kjølsdalen Montessoribarnehage er ein barnehage i vekst med auke i barnehageplassar. Vi er på utkikk etter førskule-/ barnehagelærarar som gjerne har teke utdanning innan montessoripedagogikken, eller som er interessert i å arbeide etter prinsippa og open for vidareutdanning innan pedagogikken. Dette er stillingar i vikariat med moglegheit for forlenging.

Samlokaliseringa med Kjølsdalen Montessoriskule gjev oss moglegheiter for eit unikt samarbeid på kryss av dei tradisjonelle skilja mellom barnehage og skule, noko som kjem både barn og vaksne til gode.

På nettsida vår finn du m.a. meir om barnehagen og årsplan: http://kjolsdalen.barnehage.no/

Er du ein person med godkjent førskule-/barnehagelærarutdanning? Er positiv og leiken? Tar barn, foreldre og kollegaer på alvor? Som veit kor viktig det er med god kommunikasjon for å få eit godt samarbeid? Er nysgjerrig på montessoripedagogikken og på sikt kan vere interessert i fagleg påfyll/utvikling innan dette området?

Då kan vi tilby deg ein god og sikker arbeidsplass der du får nytta kompetansen din. Du får moglegheita til å vere med å påverke og forme barnehagen i samarbeidet mellom styrar og dei andre pedagogane.

Personalet har jamnleg samarbeid og rettleiing med barnepsykolog.

Vi kan tilby konkurransedyktige lønns-og  pensjonsordningar og tilrettelegging for vidareutdanning innan Montessoripedagogikken.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål rundt stillingane, og er du nysgjerrig på korleis vi har det er du velkommen til å besøke oss.

Kontaktperson: Synnøve Nedrelid, styrar, Tlf.: 90 53 20 98, e-post: synnove@kjolsdalenmontessori.no

Stillinga tek til ved oppstart av nytt barnehageår i august.

 

Søknad m/CV sendast til:

Kjølsdalen Montessoribarnehage
6776 Kjølsdalen

eller

synnove@kjolsdalenmontessori.no

Vi ber om at du oppgjev referansar. Ved tilsetjing er det krav om framlegging av politiattest.

Søknadsfrist: 22. april 2018