Ledige stillingar ved Skodvin Montessoriskule

Ynskjer du å jobba i eit miljø som er tilrettelagt for praktisk læring? Verdset du eigenutvikling, fridom og meistringskjensle?

Skodvin Montessoriskule vart starta opp hausten 2015. Skulen har elevar frå 1. til 7. trinn. Miljøet er tilrettelagt for borna med praktisk arbeidsmateriale i barnevenleg høgde. Etableringa av skulen har gått svært bra og elevtalet er aukande.

Frå 01.08.2018 har vi ledig eit tal undervisningsstillingar, fast/årsvikariat.

Me søkjer lærarar med formell grunnskulelærarutdanning. Det er ynskjeleg med vidareutdanning i montessoripedagogikk. Det er avgjerande at du kan undervise i mange fag og på fleire trinn.

Me ønskjer oss lærande lærarar med

  • god kunnskap om Montessoripedagogikken og læreplanen
  • fagleg oppdatert kompetanse
  • erfaring med å jobbe i team
  • gode kommunikasjonseigenskapar munnleg og skriftleg
  • Gode norskkunnskapar

Me treng spesielt å dekke kompetansekrava i følgjande fag:

  • byrjaropplæring i norsk og matematikk
  • samt norsk 5.-7.kl, engelsk 5.-7.kl, og kroppsøving med symjing.

Me søkjer deg som er stabil, har god evne til klasseleiing, og kan vise til gode resultat knytt til arbeid med psykososialt miljø i og mellom klassar.

Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.
Interne søkjarar med eventuell fortrinnsrett vil verte vurdert først.

For nærare opplysningar om stillingane: Rektor Monica Thomassen Waage
Søknadsfrist: 13.april 2018

Send søknad med CV og minst 2 referansar til
Skodvin Montessoriskule , Skodvinvegen 1,  5956 Hundvin eller rektor@skodvinskule.no

Eit inntrykk av skulen vår får du på: www.skodvinskule.no