Skulemat kan samle skulen som samfunn, og lære elevar om ernæring, økosystem, samfunn, budsjett og høfligheit – og ikkje minst å sitje ned ilag over eit måltid, og prate og sjå kvarandre inn i auga og ikkje inn i ein skjerm. Vi har vitja to skular som får det til.

Av Mette Karlsvik.

Klimastreik og mikrogrønt

– Mikrogrønt er eit system som kan vokse under bakken. Vi har vore i eit bomberom i Oslo og sett store gartneri med microgreens. Dei har lys som plantene reagerer på. UV-lys, det same som sol.

– Viss ein måtte bu i bomberom ei stund på grunn av ei krise, så kan ein likevel få fersk salat?

– Ja! Mikrogrønt er veldig næringsrikt.

Nikki og Vilde (7. trinn) peiker til hjørnet av skulekjøkkenet. Her står eit minigartneri av mikrovekster. Fire etasjar med rundt hundre vekstpottar. Ørsmå, grøne blad stikk opp mot lyrsrøyr. Drivhusa inne og ute er ein del av Vildes jobb i faget arbeid.

Nikki og Vilde held stand på kjøkkenet når mange av dei andre er i streik for klima. Også i dag treng gjenverande elevar lunsj. Foto: Mette Karlsvik.

Eitt av Stoltenbergutvalets funn, er at skulen har blitt for akademisk for mange. Utvalet foreslår mellom anna meir aktivitetar. Vilde og Nikki fortel entusiastisk om guten som har ansvaret for microgreens-gartneriet. Guten hadde ikkje vore av dei mest interesserte i skulearbeid. Men dette tente gneisten i guten. No er han kjempeengasjert. Eg får ikkje møtt han fordi han er på klimastreik.

På OMS sår elevane mikogrønt-frø i steinull, og får ekstra veksthjelp av uv-lys. Foto: Mette Karlsvik.

– Kva med dykk, kva lærer de?

– Eg begynte på denne skulen i fjor haust, og har blitt flinkare til å lage meg mat sjølv, og er blitt flinkare til arbeid sånn generelt, seier Vilde.

– Eg har lært å ikkje brenne maten. Eg har meir kontroll på kva ting kostar. Vi har handla inn for veldig lite denne veka. Dei som kjem neste veke blir glade, seier Nikki. I faget arbeid har Nikki valt matgruppa, og skulle eigentleg ha lagd lunsj ilag med to andre i dag. Men dei to andre er på klimastreik. Vilde steppa inn, og hjelper Nikki med å lage tomatsuppe til 45 svaltne folk. På Oslo Montessoriskole (OMS) er skulemat ei øving i fellesskapstenkning. Nikki forklarar korleis elevane har ansvar for at alle blir mette, til budsjett:

– Vi kan bruke 2400 kroner på ei veke. Gruppa før oss brukte tusen kroner for mykje. Så vi har mindre, seier Nikki, med eit mildt smil, og forklarar gangen i matlagingsveka:

– Det byrjar fredag veka før, klokka ti. Gruppa møtest nede i kjellaren (det større skulekjøkkenet, journ. anm) for å legge ei vekeplan for lunsj. Vi får eigentleg lage det vi vil. Vi skriv handleliste. Så møtest vi på Vinderen på måndag klokka åtte. Vi handlar, og tek med oss varene på t-banen. Vi får bærehjelp opp bakken til skulen. Den er bratt.

Læringskurva

– Vi er eit lite samfunn. Viss alle gjer sin bit, fungerer samfunnet. Men viss Vilde bruker for mykje pengar den eine veka blir det altså mindre pengar den andre veka. Og det skjer jo.

Kontaktlærar Thomas Malterudbakken har kommet innom kjøkkenet for å sjekke at ting går greitt, og forklarar systemet: På OMS lagar sjuande- til niandetrinn lunsj heile året. To grupper à tre elevar har ansvar for å lage mat til 45 personar kvar. Elevane som har matansvar brukar fire veker på kjøkkenteneste på eitt skuleår. Dette er Nikkis siste veke dette skuleåret, og ho fiksar det heilt fint. Også utan dei andre frå gruppa si.

– Dei gjorde ei undersøkjing i vidaregåande skuler i Osloområdet, og fann ut at dei som kom rett frå montessoriskular oftare er leiarar for Elevråd eller andre elevorganisasjonar. Dei sett opp musicals, tek ansvar og dreg igang aktivitetar utanfor timeplana, seier Malterudbakken. Han har pedagogikk både frå universitetet og spesialisering i montessoripedagogikk, og har jobba på OMS i tolv år. Malterudbakken er veldig stolt av skulen sin, og dette systemet som er utvekla. Han ser også synergiar inn i mange fag.

– Først og framst er det heldig for økonomi og samfunn. Vi pratar litt om kjøtindustrien sin verknad på miljøet. Det skal vere vegetarisk minst ein dag i veka, fisk minst ein dag i veka, og så må dei sørge for at elevar med allergi også får bra mat. Men noko av det viktigaste er å halde seg til budsjettet, seier Malterudbakken, og må vegleie kokkane litt. Vilde har sett eit brett frosne Eldorado kvitlauksbaguettar inn i ein kald omn.

– Det aller luraste er at omnen er varm. Vi har tid til å vente på det, seier han, sjølv om det berre er ein halvtime til maten skal stå på bordet, borda vere dekte, og dei som har lagd maten ha presentert kva dei har lagd. I samfunnet OMS spis alle det same, saman. Elevar, lærarar og rektor. Vil du smake? spør Nikki. Eg får ei skje tomatsuppe, som smakar tomat og lauk kokt lenge på svak varme. Nam! Sannsynligvis er det ei oppskrift som Nikki og gruppa har dikta sjølv. For kjøkkensjefen for det heile, Øystein Olsen, ønskjer ikkje at elevane skal følgje oppskrifter.

Meisterkokk

– Det er meir interessant med smak enn med oppskrifter.

Øystein Olsen står i grønt forkle i eit lite storkjøkken i kjellaren. Her er fleire arbeidssonar og komfyrar, og mykje rustfritt stål. Olsen har vore sjef her i sju år. På papiret blir han kalla lærar i mat og helse.

– Eg kallar meg heller ein følgjesven. Eg ser på oppgåva mi som å sjå kva elevane vil, og så hjelpe dei til å oppnå dette.

Dette gjeld også i høve å finne dei rette ingrediensane til lunsjen.

– Det kan hende at dei har smakt noko som dei har lyst til å lage. Vi prøver oss fram: Kor vil du henne i verda? India? Kinesisk? Eg kan gi råd om krydder og ingrediensar. Vi smakar oss fram etterkvart. Var dette litt for surt? Kva må vi gjere då? Ha i paprika? Gulerøtter? Eller må vi ha i litt sukker? Oppskrifter kan også gå heilt galt fordi vi lagar mat til så mange på ein gong. Det kan stå i ei oppskrift for to personar at ein skal bruke éin chili. Viss elevane gongar det med 45, så blir det 45 chiliar. Så vi tek heller utgangspunkt i ei standard liste for kor mykje kjøt, fisk, ris etc som er i éin porsjon, og gangar med nitti.

Olsen fortel:

– Eg såg eit liknande opplegg då eg tok montessoripedagogikk i USA. Men der var elevane sett til å hakke og skjære, medan ein kokk lagde maten.

– Kva lærer elevane dine av dette?

– Samarbeid, organisering og å vere punktlege, for å nemne noko. Dei finn alternative løysingar. Ei gruppe ville lage crispy duck. Men etter litt prat innsåg dei at det blei for dyrt. Vi tenkte vidare, og endte opp med pulled pork, som òg er litt dyrt. Men dei kompenserte det dyre med litt billegare tilbehøyr, som blei nudlar. Dei lærer seg òg å stå for det valet dei har teke. Medelevar kan bli lei seg fordi det er fisk for tredje dag på rad. Det må gruppa som valde fisk tåle. Det er teamarbeid, på godt og vondt.

– Kva er det vonde?

– Viss ein er vant til å snike seg unna, så gjer ein gjerne det her også. Ein møter problemstillinga «skal eg ta den biten av arbeidet eller la det bli ståande?». Når ein er ansvarleg for lunsjen til medelevane så blir unnasluntringa synleg.

– Kva er det gode?

– Ein kan ha issues med dei som ein jobbar med. Men etter å ha jobba praktisk saman i ei veke så kan ein tenkje at den personen kanskje ikkje er så teit likevel. For heile dagen handlar om å finne praktiske løysingar. Det er difor eg synest det er vanskeleg å bli definert som lærar. I utgangspunktet er eg berre her for å bistå.

Isabell har laga pannekaker som dessert, og dandert pent som fire halve kaker. No ventar ho spent på dommen frå Øystein Olsen. Foto: Mette Karlsvik.

– Det kokar ned til passion

Ein elev kjem med ein kasserolle. Er den stor nok til ein deciliter ris? spør Stella, som har praktisk prøve i faget mat og helse. Ho og Olsen diskuterer litt, før konklusjonen: Prøv det!

Stella og to andre avgangselevar er i stor konsentrasjon over grytene bak oss. Tentamen foregår slik at elevane får 150 kroner kvar til å handle inn mat. Ingrediensane skal rekke til tre rettar. Dei skal lage dei tre rettane, samt rydde etter seg, på to timar. Ein forrett er ferdig. Olsen må inn på bakrommet og smake på ein kjøtrett. Asjetten blir fotografert for arkivet, før Olsen smakar og småpratar: Har du laga dette heime? Du har øvd på det, ja? Mmm, smakar veldig godt, ja. Johan Aarskog, rådgjevar på skulen, tek seg av det teoretiske fagstoffet.

Det minnar litt om TV-serien Masterchef. Med snillare dommarar. Meir og mindre streng kan Olsen velje å vere i kvardagen, når elevar lagar varm lunsj. Ein vanleg situasjon er at Olsen ser at mengda ikkje rekk til alle elevane. «Dette ser ikkje ut til å vere nok. Skulle vi tilført litt meir?» seier Olsen. Elevane kan halde på sitt, og det gjentek seg eit par gongar. Då stiller Olsen seg spørsmålet: Skal eg berre la det segle og la førti menneske dele seks pizzaer, eller skal eg snu meg rundt og koke opp noko pasta og pastasaus?

– Det med pizzaen var ein faktisk situasjon, som endte med at elevane holdt på at det var nok for alle. Den gongen bestemte eg meg for å la dei gjennomføre det slik som dei meinte var rett. Dei delte seks pizzaer opp i 150 bitte små bitar, seier Olsen. Elevane gjekk ganske svaltne etter den lunsjen, og ei lekse var lært. Vanlegvis svingar Olsen sjølv pannene og smeller saman noko pasta og tomatsaus i slike tilfelle. Men han står stadig i slike dilemma: La elevane kjenne konsekvensane, eller gripe inn? Det same gjeld det økonomiske. Å forholde seg til budsjettet er ikkje leik. Det er ein heilt reell viktigheit, særleg for varmlunsjen. Foreldra betalar inn 15 kroner dagen. Kvar krone går rett i hendene på den skulegruppa som har ansvaret for innkjøp og matlaging den og den veka. I utgangspunktet skal det ikkje vere meir midlar til lunsjen, fortel Olsen, og held fram: – Vi får iblant klagar frå elevane. «Kan vi ikkje betale inn 100 kroner kvar dag, slik at vi kan ha indrefilet?». Nei, det blir for dumt. Ein skal ta omsyn til at ikkje alle har same økonomi. Dessutan hadde vi mista det at elevane må vende og vri litt for å få matematikken til å gå opp. «Oi, kostar den så mykje?» er ein vanleg reaksjon. Elevar oppdagar også at Tines produkt kostar så og så mykje medan ein konkurrent kostar så mykje, og så vidare. Men vi gjer unnatak om det gir meining. Viss ei gruppe har veldig, veldig lyst til å lage lammesteik ein dag, då kan eg berømme dei for å vere så ambisiøse, og gi dei lammesteik. Det kokar mykje ned til passion. Eg trur at eg strekker meg lenger når eg ser ein passion. Eller når elevar treng meir hjelp til å få eit resultat.

– Ein lærer det av praksis

– Ungdomstrinnet er ein spesiell fase i utveklinga. Dei skal sjå seg som vaksne i eit samfunn. Det lærer ein i liten grad ved å sitje ved ein pult og jobbe berre med teori, begynner rektor Ellen Jacoby Steina.

Ellen Jacoby Steina er rektor på Oslo montessoriskole. Foto: Mette Karlsvik.

– Samtidig er hjernen i ein vanvittig utvekling. Dei treng å gjere praktiske og akademiske ting samtidig. Dei skal også utforske ulike sider av seg sjølv: Kva er styrkane mine? Viss eg går i den retninga, kva tilbakemeldingar får eg då? Viss eg vektlegg dette, korleis reagerer folk då? Vi lærer opp barn frå barnehagealder i praktiske ting som vedlikehald av garderobeplassen og i klasserommet. Dei er i stand til å gjere mykje meir når dei er på ungdomstrinnet.

– Og dette utforskar de med å gi ungdommane ansvaret for maten.

– Då eg kom hit var det sjuande trinn som hadde varmmatsansvaret aleine. Eg opplevde dette som ein fantastisk måte å jobbe med måltidet som kultur og som ein sosial arena. Elevane skal ikkje berre lage maten, men presentere den, servere den, og vite noko om næringsinnhald. Dei lærer noko om stemninga som skal vere rundt eit måltid – hyggen. Når ein ikkje har lagd maten sjølv, lærer ein seg å motta andres tilbod om mat på ein hyggeleg måte. Det er ikkje alltid at ein liker det som blir servert. Kva skal ein seie då? Kva er ok og ikkje? Slike ting får ein testa ut og trene på.

– Er ikkje dette heimen og familiens domene?

– Det er så hektisk heime. Ungdommar skal på så mange aktivitetar. Foreldra er også travle. Dei varmar opp litt mat her og der. Det er ein bonus her på skulen at vi kan sitje saman og spise. Lærarane synest også det er hyggeleg. Vi får ein sjans til å bli kjente med elevane våre. Elevar set veldig pris på at mat blir servert. Det er ikkje ein heilt perfekt dag utan den lunsjen. Stemninga er annleis dei dagane vi ikkje har fellesmåltid. Måltidet er også ein fellesarena der ein kan gi beskjedar. Montessori meinte at dei vaksne og elevane skulle vere saman heile tida. Lærarane er voktarar av det sosiale samfunnet i gruppa. Viss elevane derimot skulle ete for seg sjølv og ha lange friminuttar og pausar aleine så kan det dukke opp negative leiarar. Ein må få hjelp til å utvekle seg som ein positiv leiar, seier rektoren. På veggen ved kontorstolen hennar heng ein Montessoriplakat med påskrifta «Hjelp meg til å gjere det sjølv».

Fellesskap er sjølvberging

Så tilbake der vi byrja, i fellesskap versus sjølvberging. Jacoby Steina viser kvifor fellesskapstekninga heng saman med sjølvomsorg:

– Ein skal ikkje brøyte seg veg i køa og ta alt tacokjøtet slik at det blir mindre på dei andre. Viss ein gjer det som vaksen, blir ein sett rart på. Det er viktig å lære seg no. Viss ei gruppe er for seine med maten, så sit dei andre og er svaltne, og gir snart tilbakemelding på at dette var seint. Slikt skjer. Men vi har eit vennleg forhold til feil. Det er lov til å gjere feil.

Oslo montessoriskole skal snart få nytt hønsehus. Med egg, drivhus og godt vatningsanlegg er skulen et stykke på veg mot å vere sjølvberga med mat. Foto: Mette Karlsvik.

Så bankar det forsiktig på rektors opne dør. Eit par jenter spør høfleg om dei kan komme og hente radioen. Sjølvsagt! Rektor lyser opp i eit smil, og forklarar at elevane speler musikk i skulegarden kvar fredag. Det er ein ekstraordinær dag på mange måtar idag. Klimastreik, tentamen på storkjøkkenet, og DJ i skulegarden. På vegen ut passerer eg høgtalaren, DJ’en, og lyden av helg; musikk. Ved inngangen til helga gjeld andre reglar enn resten av veka – på OMS som i resten av samfunnet.

– Det handlar ikkje om pengar

På OMS blir sjølve skulemåltidet brukt til læring. I lunsjtida ringer det ikkje i klokkar som markerer eit brot i skuledagen. Her blir måltidet brukt som ein mulegheit til å samlast som skule, og sitje ned saman – elevar, lærarar og andre tilsette. Akkurat som ein helst gjer i velfungerande samfunn. Måltidet brukast som ein sjans til å lære gjennom praksis. Om mat, helse, ernæring, berekraft, høfligheit, økonomi, å ta tur, sosialisering og det å leve saman som eit samfunn, og meir.

– Lærarar i andre skular burde også i større grad bruke mulegheita som ligg i skulemåltidet til å jobbe med læreplana, seier Nina Johansen, som er leiar for Montessori Norge:

– Mange trur kanskje at montessoriskulene kan tilby elevane skulemat fordi vi har betre råd. Det er ikkje tilfelle, og dette er ikkje spesielt dyrt. Å klare å få dette inn i den pedagogiske plana handlar ikkje om pengar. Det handlar om måten vi strukturerer kvardagen på. Dei pedagogiske strukturane gjer at vi får det til. Eg ser eigentleg ingen hinder for at ikkje også andre skal kunne lykkast med å bruke matsituasjonen på ein sånn måte. Men det er klart – montessoriskulane har tverrfaglegheit gjennom heile dagen, med lange arbeidsøkter og tid til fordjupning.

– Men kvifor skal elevane bruke så mykje tid på desse tinga? Er det ikkje viktigast at ein på skulen lærer alt det faglege som foreldre flest ikkje kan lære bort?

– Ja, vi får slike argument, til dømes frå Høgre, som foreslår at ein skal ha bra skulemat til alle, men at verken elevar eller lærarar skal bruke tid på det. Det er ganske typisk at mange skiller mellom skulemat og fag, og ser det som noko ekstra som ikkje har med læring å gjere. Men eg meiner at dette er eit snevert syn som tek ifrå barna ein mulegheit for meiningsfull læring. Vi har eit samfunn med eit stort problem med fedme og spiseforstyrringar, og der vi har distansert oss så mykje frå naturen at dei fleste barn ikkje anar kor maten dei spis kjem ifrå. Både vaksne og barn sit mykje framfor PC eller med telefon og går glipp av vanleg samtale og omgang. Det er så viktig å ha ein arena der det går an å sitje ovanfor kvarandre og ete og sjå kvarandre inn i auga. Eg synest det er så dumt at vi mistar det ute av syne. Det er ikkje alle familiar som får det til. Då kan skulen utlikne ulikskapar i familiane. Den heilskapelege tilnærminga til mat og måltid er viktig med tanke på at barnet skal ut i samfunnet. Men det er også veldig mykje å hente fagleg. Dei offentlege læreplanene blir fornya no, med fokus på dei tverrfaglege tema demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring, og berekraftig utvekling. Alle desse tema kjem inn i måltidssituasjonen, og i lærdommen som ligg i å dyrke mykje av maten sjølv. Det gir mulegheiter til å snakke om alt frå næringsinnhald, til problemet med å dyrke monokulturar. Både sosialt og fagleg er det ein uvurderleg plass å lære, seier Johansen.

Utdanningsdirektoratet jobbar altså med å fornye alle læreplanene i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Dei nye læreplanene skal vere klare og brukast frå 2020. Johansen er prosjektleiar for gruppa som fornyar Montessorilæreplanen i tråd med dei offentlege læreplanene, og ser at mykje av det som Fagfornyelsen foreslår har vore gjort av montessoriskular lenge.

– Vi kallar det nødvendigvis ikkje med dei same orda, seier Johansen, om desse kongstankane tverrfaglegheit, særleg innanfor folkehelse, livsmeistring, berekraftig utvekling, osv. Kan ho då omsetje Udir sine omgrep til Montessorispråk?

– I montessorilæreplana bruker vi omgrep som «kosmisk utdanning», «harmoni og høflighet» og «praktisk liv», som alle er viktige deler av pedagogikken, og som også dekker dei tverrfaglege tema i Fagfornyelsen. Berekraftig utvekling og livsmeistring er ikkje noko som nødvendigvis blir lært bort gjennom kompetansemål. Men det er integrert i heile den pedagogiske metoden vår, både i teori og praksis, og i måten pensum er organisert og presentert på.

Ein skule som også har sine kvardagar planlagt ut i frå at alt heng saman med alt, er Bergsbygda Montessoriskole ved Porsgrunn. Desse elevane planlegg haustens graskarsuppe og graskarlykter allereie om våren, og får grønsaker, rotgrønsaker og salat til å vokse i stort monn. Også her får elevane kjenne på kroppen at dei er ein del av ein større heilskap. Og som på OMS, er den elev-laga, varme lunsjen sjølve navet i det samfunnet.

Praktiske løysingar

–  Dei på handballaget mitt går på vanlege skuler. Eg som har gått på Montessori er meir sjølvstendig. Det kan av og til stoppe litt opp for dei. Eg er vant til å finne løysingar.

Lisa (7. trinn) står saman med klassekameraten Jørgen og bruner kjøttdeig i ei panne. Ho fordeler deigen i små bitar, og ser til at alt er brunt. Det er grei skuring. Men nesten tjue pakker står på benken ved sida av henne, og alle skal steikast. Lisa og Jørgen lagar kjøtt til taco for søtti menneske, og tek ein pakke om gangen. Dei samlar alt det ferdigsteikte kjøtet i ein stor plastbolle. Temperaturen og tempo er høgt på det vesle kjøkkenrommet. Men elevane kan godt svare på spørsmål samtidig. Eg spør Jørgen om kor mykje hjelp han treng til matlaginga heime.

– Det kjem an på kva eg skal lage, seier Jørgen: – Men det er eg som lagar tacoen heime hos oss.

No lagar Lisa og Jørgen mat for skulen sin, for medelevane, lærarane og dei andre tilsette. Dei følgjer nøye med på at kjøtet blir passe steikt. Ikkje for mykje, ikkje for lite. At elevane lagar den varme lunsjen på skulen er kvardagskost på Bergsbygda. Skulen går tvert imot det som folk som stortingsrepresentanten for Høgre Margret Hagerup, skriv i ein kronikk (Aftenposten, februar 2019): «Skulemat får ein kjøpt på butikken, medan gode lærarar bruker mange år på utdanning slik at dei kan utdanne barna våre. Lat oss difor heie fram gode lærarar, så kan vi heller smøre matpakken sjølv.» Men må det vere ein motsetnad her, eller er det umuleg å ha godt utdanna og fagleg sterke lærarar og samtidig sikre skulemat til alle? Kan ein overlate ansvaret om å meistre noko så grunnleggande som måltidssituasjonar og å lage maten til seg sjølv og andre til familiane? Eller det som Hagerup antydar – at lærarar er best til å undervise i «fag», og barna, eller foreldra deira, best til å smøre matpakke?

Kokk Line Oxum viser sjuande trinn korleis tomatbitane skal sjå ut etter hakking. Frå venstre: Ida, Jørgen, Albert, Antone og Sara. Foto: Mette Karlsvik.

Rundt eit langbord på Bergsbygda sitt skulekjøkken, sit Ida, Sara, Antone, Jørgen O. og Anton og skjær agurkar i små terningar. Dei heller agurken i ein bolle og går til kjøkkenet og skyljer skjærefjølene. Dei skyljer i kø, og set seg ved bordet igjen.

– Korleis skal vi skjære tomatane, Line? spør Antone. Skulekokken Line Oxum viser, elevane ser og hermar. Eg spør om dei tek med seg oppskriftheftet til kjøkkenet heime og lagar mat ilag med foreldra sine. Jørgen O. svarar:

– Eg lagar ikkje så veldig mykje mat når mamma er der. Mamma liker ikkje at eg bruker dei store knivane. Men når ho ikkje er der, då lagar eg mat til meg sjølv, då. Eg har greidd å lage fiskekaker. Dei blei berre litt blaute.

På Bergsbygda lærer ikkje elevane berre å lage mat frå botnen av. Dei dyrkar mykje av maten sin sjølv, og veit vel kor mykje arbeid som kan ligge bak ei gulrot. Eller ein middels avansert rett. Albert har forsøkt å lage sjokoladefondant heime. Han trong litt hjelp for å få til det mjuke i midta. Elevane har laga endå meir avanserte rettar til kvarandre i lunsjen. Lapskaus og ovnsbakt ørret, til dømes. I dag lagar dei også heimelaga iskrem. Den må i frysaren for å spisast først på torsdag.

Sosialt

Det statsutnemnte Stoltenbergutvalget har studert norsk utdanning og konkluderer mellom anna at mange går svaltne gjennom skuledagen. Utvalet meiner at ein må kompensere for økonomisk og helsemessig ulikskap mellom elevar gjennom å tilby fysisk aktivitet og skulemat for alle. Utvalet skriv at sunn mat er bra for læring og utjamnar helseulikskapar. I tillegg gir eit felles skulemåltid fellesskap kring bordet, som igjen kan gi gode vaner og meir trivsel.

Elevkokkane har kommet til salathovuda no. Det blir prata ivrig over bordet medan dei hakkar og skjær. At dei kan prate medan dei lagar mat er ein del av faget sin popularitet. Albert kom til Bergsbygda dette året, og kom rett inn i ein klasse som hadde gått saman i åresvis.

– Mange seier at det er som at eg alltid har gått i klassen.

– Er det litt på grunn av slike fag som desse, der de gjer ting saman?

– Det trur eg, seier Albert.

– Kjennest dette som skule?

– Ja, det gjer det.

– Kven lærer de mest av i Mat og helse? Kokka eller læraren?

– Line!

Line Oxum er tilsett som kokk på skulen, og har utdanninga si som kokk og ikkje pedagog. Ho forklarar for elevane kva dei skal gjere, og viser korleis dei gjer det. På Bergsbygda bidreg elevane i matlaginga tre dagar i veka. Måndag, tysdag og torsdag. Det er varm lunsj kvar dag. Fisk ein gong i veka. Nokre elevar er alltid med på å lage maten. Andre dekker på. Om hausten hentar dei ingrediensar frå kjøkkenhagen. Potet, gulrot, squash, jordskokk, spinat, salat, urtar, osv. Suppe er vanlegvis ikkje ein stor favoritt blant elevane. Men då det var graskar som dei sjølv dyrka som var ingrediensen, då spiste alle opp alt. Kvifor, fordi dei hadde dyrka fram graskaret sjølv?

– Det var annleis. Artig å smake noko nytt, seier Antone.

Graskara var så store at botnen falt ut av trefatet som dei bar grønsakene i. Elevane brukte innhaldet til suppe og annan mat, og lagde lykter av skalet. Heile grønsaken var brukt, som ein del av berekraftsideologien. No sår dei for fullt for denne hausten sin avling.

– Korleis får de til så god avling?

– Vi har god jord, fortel rektor Anne Grethe Kringlåk, som vitjar dagens lunsjlagarar.

– Korleis får de god jord?

– Vi blandar jorda med heimelaga kompost. Vi har laga kompost kvart år. I år har vi også bokashi-kompost, som er ein meir intensiv metode å kompostere, seier Kringlåk. Ein av elevane legg til at så lenge ho har gått på skulen, har mindre og mindre boss gått i restavfallet. Meir og meir er gjenbrukt eller kompostert, seier Kringlåk.

Gruppeleiar for småskuletrinnet, Turid Flatin, har videreutdanna seg på Norges miljø- og biovitenskapelige universitet i Ås for å kunne drive skulehagen økologisk og undervise i berekraft. Her viser ho bokashi-komposten til skulen. Foto: Mette Karlsvik.

Frå industriskandale til øko-region

Det er dagen før 17. mai, og nydeleg vêr i Bergsbygda. Turen ut hit gjekk frå Porsgrunn by, via ein idyllisk skjærgård full av sommarhus, til den vesle skulen, som i sin tid var bygdeskule i Bergsbygda. Mange sakna bygdeskulen. Rektor Kringlåk trur det var litt tilfeldig at ein den gongen bestemte seg for å satse på montessoripedagogikk. «Det var kanskje det som låg nærmast vanleg norsk folkeskule?» spør ho. Kringlåk hadde sjølv jobba på Casa di Bambini ved Oslo montessoriskole, men hadde fått nok av storbyen og ville heim til Telemark. Ho jobba ved skular, barnehagar og i barnevernet før Bergsbygda tok kontakt med henne og ville ha henne til å jobbe der. Det endte med at ho blei rektor, og har vore her sidan 2014. No har skulen fått 63 elevar over sju alderstrinn, med 5, 5 tilsette lærarar. Nokre av elevane kjem heile vegen frå Skien, som er ei drøy mil unna. Alt i alt 19 elevar kjem utanfrå bygda.

– Montessoripedagogikken er ikkje så gamal i Telemark. Dette er vårt sjuande driftsår. Eit par andre skular i Telemark har eksistert i åtte år. Så den begynner å bli kjent. Vi ser no at vi får fleire søkjarar som vil til oss kun fordi det er montessoripedagogikk.

Kringlåk bur på ein gard ei lita mil nord for Skien, og har bier, mange epletre og grønsakshage. Kvar morgon køyrer eller syklar ho gjennom heile Grenland – ein region som ein gong var mest kjent for industri, miljøproblem og særleg for utslepp av dioksin og kvikksølv. No har det å rydde opp att i miljøet blitt den nye, store industrien. Og overalt dukkar det opp urbane minibruk, takhagar og private grønsakshager. Fleire av dei tilsette på Bergsbygda er interesserte i og/ eller driv med småbruk eller hage. Men det er ikkje først og framst difor at skule har eit fokus på å dyrke, stelle, hauste og tilberede eigen mat.

– Vi er fleire som er interesserte i dette. Men det er jo ein del av montessoripedagogikken. Ein skal ha respekt for det som veks og gror. Det er så mykje ein kan knytte inn til læreplana. Det er tverrfagleg aktivitet. Berre i skuleåkeren får vi inn mange fag, seier Kringlåk, og tek meg med ut av skulekjøkkenet og opp til skulehagen, der ein gjeng av dei aller yngste er i gang med å spa opp renner i åkeren. På høgbedd står det laminerte skilt med teikningar av kål, neper, spinat og meir.

– Elevane  har laga desse bilda, som også fungerer som ei hugseliste til foreldre som tek på seg dette i løpet av sommaren. På sikt ønsker vi også å få oss ein hønsegard slik at vi kan vere sjølvberga med gjødsel.

– Korleis får de råd til skulehage, kokk og matlaging med elevane?

–  Elevane betalar 350 kroner i månaden. Dette dekker innkjøp av råvarer og noko av lønna til kokka. Vi prioriterer mat sidan vi meiner det er mykje læring i dette og fordi det er viktig at alle elevane får i seg god mat i løpet av dagen.

– Korleis får de tid?

– Eg oppfattar ikkje dette som noko som kjem i vegen for faga. Faga er integrert i det vi driv med her. Det er masse læring i dette. Vi lagar maten frå botnen av. Det er fokus på samhald og samarbeid. Vi tek tur, og er innom faga harmoni og høflegheit, lesing og matematikk. Den sosiale biten er viktig. Vi byggjer relasjonar. Ved matbordet sit elevar frå første til sjuande trinn i lag.

Familie

– Lærer du av dei som er eldre enn deg?

– Nei, dei lærer av meg!

Mikkel (2. trinn) står midt i åkeren og reinskar ein skatt for jord, og viser at det ikkje er gitt kven som lærer av kven: elevar eller lærarar, yngre eller eldre? Det var minstemann Mikkel som såg at det glimta i noko smått og kvitt mellom steinar, jordskokk og lauk: eit bitte lite porselenshus.

Småskule- og mellomtrinn jobbar saman på Bergsbydgda montessoriskole om skulehagen. Her blandast jord og kompost før jordskokken settast. Foto: Mette Karlsvik.

Kringlåk ser at dei yngre elevane beundrar dei eldre elevane, og at alle elevane trivast med å jobbe i blanda grupper. Første til fjerdeklasse, femte til sjuande, og nokre gongar dei aller yngste og dei aller eldste samtidig.

– Det einaste er at dei i andre trinn er veldig pratsame. Men ein lærer seg til å berre jatte med litt, forklarte Antone.

– Ungane forstår kvarandre når dei gjer ting ilag. Relasjonar blir knytt på tvers av alderstrinna, seier Kringlåk.

– Kva med mellom dei vaksne og elevane?

– Relasjonen mellom tilsette og elevar er veldig bra. Men det er også viktig for oss å sikre eit godt miljø dei tilsette imellom. Det hjelper ikkje at det er godt miljø mellom elevane viss vi ikkje vi tilsette har det bra saman. Vi som jobbar her reiste difor bort saman og utarbeidde visjonen vår: Avgangselevane skal vere trygge, nysgjerrige, kunnskapsrike og sjølvstendige. Er dei det, meiner vi at dei er klare til å ta fatt på livet vidare. Difor blei visjonen «Klar for livet.» Vi har også laga ein eigen skulesang som vi var i studio og spelte inn. Den heiter også «Klar for livet».

Rektor Kringlåk køyrer meg frå skulen mot togstasjonen i Porsgrunn. Bergsbygda ligg ved utlaupet av Eidangerfjorden, der også nabofjorden Frierfjorden renn ut. Frierfjorden og Gunneklevfjorden er hardast råka av utslepp frå industrien på Herøya. Men effekten er målt over heile Grenland. Gir det difor ekstra meining å satse på berekraft på skulen?

– Sjøen er den nærmaste naboen vår. Vi er der mykje, ser på og snakkar om livet i skjærgården og har fokus på søppel og rydding. Vi har rydda strendene fleire gongar. Det var veldig oppløftande å sjå at det var mykje mindre søppel på strendene i år enn i fjor.

I ein kross eit lite stykke frå skulen kjem ein buss imot oss, med «32 Bergsbygda» på skiltet. Bussjåføren vinkar og smiler til Kringlåk. Rektoren fortel at bussjåføren veit kva barna heiter og kven som kjem på bussen kor. Og om nokon ikkje står der dei skal, har sjåføren mobiltelefonnumra og ringer heim til dei for å sjekke om dei har forsove seg eller kva det er som har skjedd.