Ledig 100% lærarstilling skuleåret 2021-22 med moglegheit for forlenging og fast stilling.

Midsund Montessoriskule er ein skule for elevar frå 1.-7.klassetrinn. Elevtalet har dei siste åra ligge mellom 30 og 40 elevar.

Ønska kvalifikasjonar:
– Grunnskulelærar 1.-7.kl.
– Montessoripedagogikk

Nokre av oppgåvene som søker må vere innstilt på å gjere:
– Undervise elevane i små grupper i ulike fag.
– Kan ta på seg kontaktlæraransvar ved behov.
– Inspeksjon i friminutt
– Matvakt / delta på lunsj med elevane
– Delta på møter og arrangement på kveldstid.
– Engasjere seg i positiv utvikling av skulen.
– Sette seg inn i montessorilæreplana og arbeide målretta, i samarbeid med alle tilsette, for å jobbe etter montessoriprinsippa og gjere dette til den beste skulen, for våre elevar, å gå på!

Personlege eigenskapar:
– Engasjert i elevane sin faglege og sosiale kvardag, og i å skape gode relasjonar med og mellom alle elevar, føresette og kollegaer.
– Samarbeidsvillig, tilhengjar av delingskultur og engasjert i utvikling av den montessoripedagogiske tanken i skulen.
– Vere glad i naturen og bruke den i undervisninga. Ha FN’s berekraftsmål i fokus.
-For å få fast stilling må du ha tilleggsutdanning i montessoripedagogikk.

Lønn etter avtale og i samsvar med tariff.

Ved tilsetting må ein  vise gyldig politiattest.

Midsund er eit lite øysamfunn i Molde kommune. Vi ligger godt plassert midt mellom Ålesund og Molde og har derfor kort veg til to flyplasser og alt anna dei to byane kan tilby. På sjølve Midsund finn du god moglegheit til å dyrke friluftsliv i flott natur og gode tilbod innan idrett og andre fritidsinteresser. Du kan sjå meir om Midsund på nettsida: https://portalmidsund.no/

Søknadsfrist: 18.mai 2021

Før opp minst 2 referansar!

Søknaden sendast til: post@midsundmontessori.no

For meir info, ta kontakt!

Midsund Montessoriskule
Tlf: 712 79 965

Rektor; Lillian Blø Rakvåg
Tlf: 911 90 197
Mail: post@midsundmontessori.no