Har du lyst til å jobbe saman med engasjerte lærarar på ein oversiktleg skule, med god    atmosfære og fokus på elevane sin trivsel og læring?
 
Midsund Montessoriskule er ein skule for elevar frå 1.-7.klassetrinn, som starta opp i 2009. Styret har sett eit tak på 50 elevar, for vi ønsker å vere ein ganske liten skule. (Vi er godkjent for 60 elevar). Elevtalet har dei siste åra ligge mellom 30 og 40 elevar. Skulen har ei god dekking av engasjerte lærarar og assistentar med montessorikompetanse. Vi ønsker ein positiv og engasjert lærar / spesialpedagog som er motivert for å jobbe i eit montessorimiljø, og vil vere med på vidareutvikling av den flotte skulen som vi er i ferd med å bygge opp! 

Ønska kvalifikasjonar:
• Grunnskulelærar/ faglærar  (ulike fag av interesse)
• Spesialpedagogisk kompetanse
• Vernepleiekompetanse

Personlege eigenskapar:
• Engasjert i elevane sin faglege og sosiale kvardag, og i å skape gode relasjonar med alle elevane.
• Evner å jobbe tverrfagleg og temabasert, med læreplanmåla i montessorilæreplana som styrande for aktivitetane.
• Fleksibel og samarbeidsvillig, og tilhengar av delingskultur, med montessoriprinsippa i fokus for arbeid med utvikling av skulen.
• Vere glad i naturen, og å skape gode haldningar til han. Bruke han aktivt i læringa. Ha fokus på FN`s berekraftmål. • Naturleg nysgjerrig på kunnskap og ny læring på alle klassetrinn. Forske saman med elevane, og vise dei vegen til sjølvstende.
• Praktisk , konkret, visuell og erfaringsbassert læring i  fokus.

Ulik stillingsstorleik og kombinasjonar, kan vere aktuelt.  For å få fast stilling bør du ha tilleggsutdanning i montessoripedagogikk. Lønn etter avtale og i samsvar med tariff.  Ved tilsetting må ein  vise gyldig politiattest.

Midsund er eit lite øysamfunn som i januar 2020 blei ein del av Molde kommune. Her bur ca. 2000 innbyggarar. Er du glad i fjell og sjø, så er dette plassen for deg. Her er du omgitt av vakker natur, og gode moglegheiter for friluftsliv og ulike idrettar! Vi har også ein aktiv kulturskule. Du kan sjå meir om skulen og kommunen på facebook og våre nettsider. Du kan sjå https://portalmidsund.no/ for meir info om vårt vakre øysamfunn på Romsdalskysten.

Søknadsfrist 14.06.2020.
Før opp minst 2 referansar!
Søknaden sendast til: post@midsundmontessori.no

Ta kontakt for meir info: 
Midsund Montessoriskule: 712 79 965
Rektor; Lillian Blø Rakvåg: 911 90 197
Mail: post@midsundmontessori.no