Skodvin Montessoriskule vart starta opp hausten 2015. Skulen har 75 elevar frå 1. til 7. trinn. Skulen ligg i Alver kommune.

SKULEÅRET 2021/22

Lærarstillingar 
Vikariat med mogelegheit for fast stilling
Me treng fleire dyktige lærarar på Skodvin Montessoriskule. Er du ein av dei? Me søkjer deg med fagleg kompetanse og som vil vera med å utvikle ein god Montessoriskule med godt skulemiljø, der teamarbeid, klasseleiing og relasjons- kompetanse står sentralt.

Frå 01.08.21 har me eit tal ledige undervisningsstillingar i varierande storleik på 5.-7.trinn.
Utlysinga gjeld òg stillingar som måtte verte ledige fram mot skulestart.
Ynskje om stillingsstorleik må opplysast om i søknaden.

Arbeidsoppgåver
-Undervisning
-Oppfølging av elevar med spesielle behov
-Samarbeid med kollegaer og elles det som fell naturleg i forhold til ei lærarstilling.

Kvalifikasjonar
-Lærarutdanning/adjunkt som dekker kompetansekrava i minst eit av faga norsk, matematikk og engelsk. Engelsk er spesielt ynskjeleg.
-Montessoripedagogikk eller vilje til å setje seg inn i/utdanne seg innan montessoripedagogikken.
-Me krev gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar
-Gode pedagogiske evner
-Evne til å byggje gode relasjonar med elevar og medarbeidarar
-Positiv og utviklingsorientert
Me søkjer deg som er stabil, har god evne til klasseleiing, og som både kan arbeide sjølvstendig, og i team.

Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk.
Interne søkjarar med eventuell fortrinnsrett vil verte vurdert først.

For nærare opplysningar om stillingane: kontakt rektor Monica Th. Waage på mail: rektor@skodvinskule.no eller tlf: 92018131

 

For meir informasjon: http://www.skodvinskule.no/

Eller følg oss på Skodvin Montessoriskule på facebook

 

Søknadsfrist: 16.april 2021