Vi søkjer etter ein entusiastisk og dedikert medarbeidar som brenn for Montessoripedagogikk og som vil hjelpa oss til å vidareutvikla Strandvik montessoriskule.

Strandvik montessoriskule ligg i sentrum av den vakre bygda Strandvik. Læringsarenaen vår strekkjer seg frå fjell, dal og fjord med kulturlandskap og gardsdrift i skulens nærområde. Ved skulen ligg blant anna idrettsanlegg med sandvolleyballbanar, kunstgrasbane, kyrkje, nærbutikk og barnehage. Skulen er oppteken av å bruka vårt varierte og vakre nærområde. Vi er også ein «Syngjande skule» og brukar læringsprogrammet «Det er mitt val» i arbeidet.

FAST STILLING SOM MONTESSORIPEDAGOG 80 – 100%

KVALIFIKASJONAR OG UTDANNING
• Grunnskole lærarutdanning 1.-7. (Gjerne med engelsk, matematikk o
spesialpedagogikk i fagkrinsen)
• Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk (Elementary 6-9 år og/eller 9-12 år) og gjerne arbeidserfaring frå montessoriskule
• Lærar utan montessoriutdanning blir også oppfordra til å søkja
Personlege eigenskapar:
• Er engasjert, positiv og tydeleg vaksen som brenn for å få fram det beste i alle barn.
• Har evne til å skapa ein god og trygg atmosfære og byggja gode relasjonar.
• Jobbar sjølvstendig og bidreg aktivt i team – og utviklingsarbeid
• Er løysingsorientert, fleksibel, likar varierte oppgåver
• Kan samarbeida med ulike aktørar, innanfor og utanfor skulen.
• Bidrar til eit positivt og støttande arbeidsmiljø

VI TILBYR:
• Konkurransedyktige vilkår
• Tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk
• Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
• Hjelp til å skaffa bustad i ei flott og levande bygd!

Interessert? Ta kontakt og send søknad til oss.
Søknad med CV sendast til post@strandvikmontessori.no
For spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Heidi Baldersheim på tlf 95884563 eller e-post: heidi@strandvikmontessori.no

Besøk gjerne heimesida vår https://strandvikmontessori.no/ eller du finn oss på Facebook