Vil du bli vår nye medarbeidar? Ledig fast stilling som montessoripedagog frå 01.08.20.

Vi søkjer etter ein entusiastisk og dedikert medarbeidar som brenn for Montessoripedagogikk og som vil hjelpa oss til å vidareutvikla  Strandvik montessoriskule.

Strandvik montessoriskule ligg i sentrum av den vakre bygda Strandvik. Læringsarenaen vår strekkjer seg frå fjell, dal og fjord med kulturlandskap og gardsdrift i skulens nærområde. Ved skulen ligg blant anna idrettsanlegg med sandvolleyballbanar, kunstgrasbane, kyrkje, nærbutikk og barnehage. Skulen er oppteken av å bruka vårt varierte og vakre nærområde. Vi er også ein «Syngjande skule» og brukar læringsprogrammet «Det er mitt val» i arbeidet.

MONTESSORIPEDAGOG  80 – 100%

KVALIFIKASJONAR OG UTDANNING
• Grunnskole lærarutdanning 1.-7. (Gjerne med engelsk, kroppsøving, mat og helse i fagkrinsen)
• Godkjent vidareutdanning innan montessoripedagogikk (Elementary 6-9 år og/eller 912 år) og gjerne arbeidserfaring frå montessoriskule
• Lærar utan montessoriutdanning blir også oppfordra til å søkja
Personlege eigenskapar:
• Er engasjert,  positiv og tydeleg vaksen som  brenn for å få fram det beste i alle barn.
• Har evne til å skapa ein god og trygg atmosfære og med gode relasjonsferdigheiter.
• Jobbar godt sjølvstendig og bidrar aktivt i team og utviklingsarbeid
• Løysingsorientert, fleksibel, likar varierte oppgåver
• Kan samarbeida med ulike aktørar, innanfor og utanfor skulen.
• Bidrar til eit positivt og støttande arbeidsmiljø

VI TILBYR:
• Konkurransedyktige vilkår
• Tilsetjings- og arbeidsvilkår i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk
• Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
• Hjelp til å skaffa bustad i ei flott og levande bygd!

Søknadsfrist snarast og seinast innan 15.juni 2020

Søknad med CV sendast til post@strandvikmontessori.no  For spørsmål om stillinga ta gjerne kontakt med dagleg leiar/rektor Heidi Baldersheim på tlf 95884563 eller e-post: heidi@strandvikmontessori.no

Besøk gjerne heimesida vår https://strandvikmontessori.no/ eller du finn oss på Facebook.