Førebygging av forskjell i skuleprestasjonar

Stoltenbergutvalget oppdaga at gutar gjer det dårlegare enn jenter i norsk, offentleg skule. Kva har Montessori å bidra med for å jamne ut ulikskap?

Av Mette Karlsvik

– Ikkje snakk så høgt, er du god.

Monica Blichfeldt snakkar lågt til to gutar. Dei dempar seg. Montessoripedagogen, Blichfeldt, går og bytter bleie på ein av dei yngste. At pedagogen – og også barnehagestyraren – tek sine deler av bleieskift og oppvask – sjåast av desse gutane og av nesten alle dei andre på Låven Montessori. To jenter har bind for auga, og plasserer lodd av ulik tygd i rett hol. Dei får meg til å tenkje på Justisia, rettviset sin gudinne. Justisia har òg bind for auga, og lodd i hendene. Ho skal sikre like mulegheiter. Noreg blir kalla det mest egalitære landet i verda. Treng ein å bli påminna om Justisia i dette landet?

I 2017 byrja det statleg utnemnte Stoltenbergutvalget arbeidet med å «bygge eit nyansert og balansert kunnskapsgrunnlag om kvifor kjønnsforskjeller i skuleprestasjonar oppstår, og foreslå tiltak for å motverke uheldige kjønnsforskjeller.» Utvalet forfatta så ein rapport som viste at det er ulikskap mellom kjønna når det gjeld prestasjon i skulen, i vidaregåande skule, og seinare i livet.

Montessoriforeninga vedtok på førre landsmøte ei handlingsplan der likestillingsarbeid er ein del. Foreninga plikta seg til å setje ned eit arbeidsutval som ser på kjønn og likestilling, i skuler og i barnehagar. I denne reportasjen skal eg gå til starten av skulegangen, nemleg barnehagane, samt til leiaren for stoltenbergutvalet, nemleg Camilla Stoltenberg. Kor begynner vi?

Roller
– Eg prøver å vere slik som eg ønskjer at barna skal vere. Det nytter.

Pedagog Monica Blichfeldt kommenterer observasjonen av at ho snakka lågt til gutane som snakka høgt. Barnehagestyrar Ninna Smitt stadfestar:

– Alle her tek sin tørn. Barna ser at vi er likestilte, seier Smitt, som meiner at det med like mulegheiter handlar om respekt for kvarandre.

– Det har sin naturlege plass i området harmoni og høflegheit. Det heng igjen saman med å lukkast sosialt og praktisk vidare i livet. Ein lærer å omgås andre, å snakke hyggeleg til kvarandre, og ikkje minst å rose kvarandre, seier styraren.

Ninna Smitt (foran) er styrar på Låven Montessori, der Monica Blichfeldt (bak) er montessoripedagog. Foto: Mette Karlsvik

– Den som ser den andre opplever seg som eit medmenneske, medan den som blir sett vil få ei positiv røynsle av det?

– Ja, og også dette er noko som vi tilsette praktiserer. Måten å vere på i rommet ligg så djupt i oss tilsette, seier Blichstedt.

– Det påverker korleis vi går, pratar, ler. Vi er flinke til å vegleie kvarandre også, vi tilsette imellom. «No snakkar du veldig høgt,» kan ein av oss seie til den andre. Dei fleste av oss har også jobba her lenge. Vi har lang fartstid. Vi tek innspela fint.

– Det er kanskje viktig for barna å sjå at de som er tilsette også får vegleiing, og at de tek til dykk innspel og lærer av dei?

– Ja, og ingen av oss er perfekte. Vi gjer feil støtt og stadig. Vi har ein levande barnehage. Vi er ikkje som andar som svever over golva. Men vi speler faktisk ein del rollespel, for å øve på ulike roller i det sosiale livet.

Lære med kroppen
For hundre år sidan var barnehagen ein gard. Det stod kyr der barna jobbar, og dyrka mark der huskene står utandørs. Tradisjonelt måtte både kar– og kvinnfolk trå til på markene og i fjøsen. Innandørsarbeid var derimot oftare kvinnfolk sitt domene. Her på Låven Montessori har både guter og jenter lært seg å bruke materialet som står i hyllene. Alt er synleg, alt tilgjengeleg. Dei fleste barna har valt seg ein aktivitet no. Dei fleste er praktiske.

– For å lære godt må du bruke begge hjernehalvdelane. Eit barn som sit og les utveklar ikkje så mange motoriske dugleikar. Det er viktig å tilby aktivitetar som stimulerer alle sansane, seier Smitt.

– Vi jobbar mykje fysisk her i barnehagen. Vi kan la eitt barn gøyme ting i rommet. Eitt anna barn skriv ordet på ein lapp. Dei andre skal så finne den gjenstanden. Og kvifor ikkje lære om tal med å klatre etter tala i eit tre? seier Blichfeldt.

–  Det er barna som skal løpe etter kunnskapen og ikkje kunnskapen som skal løpe etter dei.

– Meiner du at prestasjonar vidare i livet handlar om motivasjon: At ein driv med det ein har interesse for eller evner i?

– Heile motessorifilosofien bygger på dette. Montessori var oppteken av fred på jorda. Ho tenkte at dei som kjenner seg sjølv godt, vil vere rausare med andre menneske.

Frisør, sjåfør
Justisia-jentene har sett alle vekt-lodda på rett plass, og tek av seg augebanda. Dei oppdagar meg, og spør kva eg gjer. Eg fortel at eg er journalist, og spør kva dei vil jobbe med når dei blir store. Den eldste jenta ønskjer å bli frisør. Ho kan flette hår. Men jenta fortel òg at det kjekkaste ho veit, er å vaske.

– Eg gjer alt heime. Eg kan vaske alt. Søstera mi er snart elleve, og ho vil berre lese bøker og bli klok.

Med band for auga, arbeider jentene med sylinderblokkene. Foto: Mette Karlsvik.

– Kva med deg, kva vil du jobbe med når du blir stor? spør eg ein gut som slår spiker inn i ei treplate.

– Eg vil køyre, seier guten, og held fram hammerarbeidet. Eg blir medviten at dei aller fleste aktivitetane her er «mjuke» aktivitetar. Eg ser oftast praktisk husarbeid i barnehagane. Utandørs går det i leik i sandkassa og med rullande køyretøy. Er dét greitt? Kva med dei som har størst interesse for fysisk krevjande aktivitetar, utandørsaktivitetar, som involverer klassiske «karslege» oppgåver?

– Det praktiske livet er likt for alle, seier Smitt.

– Men vi er opptekne av å sjå den enkelte. Kva er dei interesserte i? Og så legg vi til rette for den einskilde etterkvart som vi ser kva kven liker. Slik legg barna sjølv til rette for prestasjonar, konkluderer Blichfeldt:

– Vi ser kva dei er interesserte i, ser kva dei har motivasjon for å drive med. Og det handlar om det frie valet.

– Er det forskjell på gutar og jenter når det gjeld interessa for det meir tradisjonelle pedagogiske materialet, det som har å gjere med å lese og skrive?

Som svar gir Blichfeldt nokre konkrete tal frå barnehagen. Tala seier noko om leseferdigheita i barnehagen. Det er ingen tendens i favør av jentene, tvert om. Men viss det er ulikskap, kva då?

– Barna er på ulike nivå i utveklinga si, slik vil det alltid vere. Det vi kan gjere, er å møte barna der dei er, og hjelpe dei til å utvekle seg derfrå, seier Smitt.

– Dei som har gått på Montessoriskule og seinare gått over til vanleg skule, seier ofte at det er ein forskjell på dei og andre elevar. Ein av tinga dei dreg fram, er at dei er vant til å tenkje: «Korleis skal eg finne ut av dette? Kor skal eg få den hjelpa som eg treng til å løyse dette?» Barn frå vanlege skular får oftare kunnskapen i fanget heller enn å tenkje sjølv, legg Blichfeldt til.

Varsko!
Då Maria Montessori arbeidde med barn med funksjonsvariasjonar, var ho vitne til forskjellsbehandling av barn. Dette skal ha vore motiverande for dei pedagogiske metodane som ho seinare utvekla. Stikkord er leik, livsmeistring og lyst: Å legge merke til det einskilde barnet sitt potensial og interesse. Sjå barnet, ikkje guten og jenta. Montessori står for det kosmiske, det universelle – og difor også allmenne og allkvinnelege. Ein skulle tru at eit montessoriløp gir det aller beste utgangspunktet for å lykkast seinare i livet. Men montessoripedagog Ole Magnus Svanevik tok ordet under førre Landsmøte i Montessori Norge og uttrykte uro på vegne av den prestasjonsulikskapen. Eg ringer han mellom økter på jobben hans på Holmestrand Internasjonale Montessoriskole.

– Det var midt under klimastreikane, med mykje presse på demonstrasjonane, fortel Svanevik.

– Eg såg dekninga i mediene. I bilda frå demonstrasjonane såg eg éin gut på kvar tiande jente. Eg veit at det finst nokre gutar i leiinga i ungdomspartia i politikken. Men stort sett, så er gutar er i ferd med å falle utanfor og ikkje ta del i samfunnet på lik linje med jenter. Det blir stadfesta av Stoltenbergutvalets rapport.

– Korleis kan montessoripedagogikken førebygge ulikskap i prestasjonar?

– Uansett klasserom, skule eller metode, så sett læraren tonen i klasserommet. Eg trur at mange har bilde av montessoriklasserommet som roleg, ordna og strukturert. Montessoripedagogikken har som grunnidé at det er rom for alle typar individ, og at kvart individ skal ta ansvar og frå fridom. For å få til dette, trengst det meir plass i klasserommet. I dag handlar montessoriutdanninga for mykje om å vere innandørs, sitje ned og vere i ro. Mange presentasjonar er aktivitetar der eleven sitt ned. Det finst unntak. Men lærarar er veldig glad i ein kunstig ro. Roa må komme frå at eleven er inne i det hen gjer, ikkje komme utanfrå.

– Du som er lærar i grunnskulen har vel røynsle frå kommando-korta, der ein får ein del fysiske kommandoar og utfordringar. Det gir vel grunnlag for aktivitet?

– Ja, kommando-korta er eit fantastisk materiale. Men etter at dei har løpt for å opne vindauget for søttande gang, då kan lærarane bli trøytte. Eg mistenkjer at vi som er lærarar hindrar barna sin fysiske utfalding fordi vi sjølv har behov for kontroll og orden.

– Trur du ikkje at mange barn trivast med kontroll og orden?

– Ditt behov for kontroll og orden er kanskje ulikt frå mitt? Mange klasserom er prega av den vaksne sitt behov for ro og orden. Nokre lærer av å sitje stille og roleg. Andre, som ein elev eg har, lærer veldig godt med å få stå ved pulten, eller ligge over den. Eleven dreiv med ein stor passarkonstruksjon, og jobba uvanleg konsentrert då han stod heller enn å sitje. Nokre av barna i matteklassen min driv no med gangestafett. Dei løper og roper TI GANGAR ÅTTE METER ER … Både gutar og jenter liker denne metoden, seier Svanevik, som legg vekt på ordet «individ». Oppmodinga hans er til å halde fram med å sjå på barna og ungdommane som individ og ikkje jenter og gutar.

Er det eigentleg forskjell på montessoriskular og andre norske skular når det kjem til prestasjonar? Om Stoltenbergutvalet så på dette i arbeidet med sin rapport, kan Camilla Stoltenberg svare på.

Solan vever, i barnehagen Lilleputt. Foto: Mette Karlsvik

 

– Eit behov for å sjå på strukturelle endringar
Camilla Stoltenberg er professor i medisin, og direktør for Folkehelseinstituttet. Oktober 2019 er så travel for henne at den beste løysinga blir eit e-postintervju. Eg begynner med å spørje om prestasjonar i og tilbod frå montessoriskular ein del av grunnlaget for stoltenbergrapporten?

– Utvalet har i hovudsak brukt eksisterande publikasjonar og analysar. Oppdraget vårt var å gå gjennom eksisterande forskning, ikkje å gjere eigne analyser av tallmaterialet om skuleprestasjonar. Montessoriskular er ikkje analysert for seg eller samanlikna med andre skular. Montessoriskular er med i den offentlege statistikken med nasjonale prøver og grunnskulepoeng, men dei utgjer ein liten del av resultatet. Det går an å finne resultat for einskilde skular på skoleporten.udir.no. Men ofte er montes-soriskulane for små til at resultata blir publisert.

– Montessoriskulen kan ha meir fleksibilitet mellom trinn og mellom fag. Dei fysiske strukturane i offentleg skule, sjølve undervisningsromma, kan vere topptunge. I montessoriskuler er undervisninga mykje basert på gruppearbeid. Elevane er oftare delt opp i ulike grupper. I montessoriskulane kan ein kanskje tilpasse undervisninga i større grad til den einskilde eleven sitt nivå og interesse. Trur du at det er noko i det at montessoriløpet i større grad ser den einskilde eleven, og kan fange hen opp før hen mistar interessa for skulen og presterer dårleg?

– Medlemma i ekspertutvalet var samde i at skulen må tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev. Var ikkje heilt samde i kva det innebær. Dette kom til dømes til uttrykk ved at utvalet delte seg i eit fleirtal på seks medlemmar og eit mindretal på fem i spørsmålet om korvidt ein skulle prøve ut fleksibel skulestart. Sjølv meiner eg at fleksibel skulestart er eit tiltak som bør prøvast. Utvalet var også opptekne av auka fleksibilitet i heile skule– og utdanningsløpet. Med utgangspunkt i mandatet avgrensa vi oss til tiltak innafor ramma av skulesystemet som finst i dag.

– Kor viktig er det å bli sett – for sine interesser og einskilde talent – for det å komme på rett spor vidare i utdanninga og i det profesjonelle livet?

– Skulen må vere for alle barn. Det er vesentleg for at skulen skal lykkast.

– Trur du at ei løysing kan vere å jobbe med heilskapelege strukturar i norsk skule?

– Personleg meiner eg at det er eit behov for å vurdere større strukturelle endringar i skulen. Målet må blant anna vere å redusere ulikskap mellom kjønna, sørge for at færre elevar har det dårleg i skulen, motverke utanforskap og styrke kompetansen gjennom livsløpet. Det er behov for å sjå på strukturen i skulen for at vi skal gi alle barn større mulegheiter til å utvekle talentene sine og fulløre ein skulegang som dei vil ha nytte og glede av.

– Noko av det som kjenneteikner montessoripedagogikken, er at yngre og eldre barn leiker og jobbar og studerer ilag. Kva trur du det kan ha å seie for prestasjonane?

– Ekspertutvalet som eg leidde har vist ei god årsakstudium om effekten av aldersblanding i barneskulen. Studien viser ein liten, positiv nettoeffekt av aldersblanding, som kjem av at dei yngre elevane i gruppa lærer litt meir, og at dei eldre lærer litt mindre, i gjennomsnitt. Det er uvisst korvidt aldersblanding påverker kjønnsulikskapen i skuleprestasjonar.

– Kva med fleksibel skulekvardag?

– Utvalet tek til orde for ein meir fleksibel skulekvardag. Fleirtalet meiner at å innføre ein heildagsskule utan å auke timetalet i faga kan legge betre tilrette for ein variert skulekvardag. Det bør bli innførd ei rammeplan for fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar, leksehjelp og fordjupning i desse timane. Det bør også bli gitt betydeleg rom for frileik.

– Kva synest du om montessoripedagogikken?

– Montessoriskulen er eit interessant pedagogisk alternativ. Men utvalet har ikkje funne norske årsaks-studier som viser at montessoriskulen i større grad motverkar kjønnsulikskap i skulen. Vi vil også oppmode montessoriforeninga til å gjennomføre evidensbaserte studier av eigne metoder.

Like mulegheiter = barnet i sentrum?
– Har du vaska etter deg?

Evelina Kirilova er montessoripedagog og jobbar på Lilleputt barnehage på Ullernkammen. Foto: Mette Karlsvik.

Evelina Kirilova sit på huk ved ein av gut. Rommet rundt dei er nesten kvadratisk. Eg har drege til barnehagen Lilleputt på Ullernkammen i Oslo for eigne mikrostudier av montessorimetodane. Her finn eg desse kvadratiske romma, der barna er i sentrum, heilt fysisk. Denne delen av montessoripedagogikken var sentral i ein glømt europeisk revolusjon: Likestillingsfilosofiar frå Marx, Engels og fleire dominerte Wien i 1916, og bidrog til å endre haldninga i folket. I dette som vart kalla «Det raude Wien» vart idear frå Montessori premissleverandørar for bygginga av skuler. Barnet som sentrum fekk utslag i arkitektur. Klasseromma sin form gjorde det muleg for vegleiarar og lærarar å vere tett på elevane.

– At vi ikkje ser forskjell på kjønna når det gjeld aktivitetane deira her kan ha å gjere med omgjevnadane, seier Kirilova.

– Her er eit medvite bruk av fargar. Veggane er kvite. Materiellet kjem i alle fargar, og ofte i farger som er behagelege og tiltrekkande på barna. Duse pastellfargar. Når vi ikkje har tradisjonelle leiker som togsett, dukker og bilbane, unngår vi eit område «for gutane» og eitt «for jentene».

Guten som skulle vaske etter seg går forbi oss. Han har skjært druer og blomkål. No tek han med seg éin ting om gangen til vasken. Kniven, skjærefjøla og bollen. Han vaskar først. Tørker. Guten ved nabobordet sit og pressar appelsinjus. Han tømmer safta over i ein kopp, og går i gang med den andre appelsinhalvdelen. Kirilova stadfestar ein observasjon frå Låven: Spesielt for Montessoribarnehagar er at den pedagogiske grunnideen manglar rom for ulikskap.

– Begge kjønn treng å meistre det praktiske livet, seier Evelina Kirilova. Foto: Mette Karlsvik

– Begge kjønn treng å meistre det praktiske livet. Jentene byggjer med klossar og hamrar og fester ting fast. Gutane syr og broderer. Vi som er tilsette er veldig medvitne på at vi skal tilby alle alle aktivitetar. Gutane er minst like opptekne av alt som har med mat å gjere som det jentene er.

– Stoltenbergutvalet konkluderte altså med store skilnadar mellom gutar og jenter i norsk skule. Kva meiner du at ein kan gjere betre i barnehagane for å førebygge slike skilnadar seinare i livet?

– Eg ser eigentleg ikkje at vi treng å tenkje på meir. Vi møter barna som menneske, ikkje gutar og jenter, og oppmodar dei til å halde fram med det dei viser interesse for, uavhengig av kva det er. Eg trur også bøker kan vere viktige. Vi er medvitne når vi vel bøker. Vi vel bøker som er baserte på realitet av ulik vis. Bøkene om Karsten og Petra, til dømes, som seier noko om korleis det er å vere men-neske.

I ein sofa sit ei jente og les De tre bukkene bruse på badeland. I bunken ved sida av henne er ei faktabok om froskar, og Den lille larven aldrimett. Sett bort frå lese-jenta og ein gut som sit med headset og lyttar til musikk, er det eit mylder av aktivitet på avdelinga. Iben og kompisen Daniel er ferdig med å smøre og spise knekkebrød. Dei har vaska knivane og fjølene, og skal no arbeide med skruar og mutrar.

– Når det ikkje er ledige bord, då må vi sitje på matte, forklarar Iben meg. Daniel hentar matte medan Iben finn ein plass. Dei rullar ut matta, og jobbar med skruene og mutrane. Eg spør kva Iben vil bli når ho blir stor.

– Prinsesse, seier ho.

– Eller mamma. Då kan eg leike med Mie, babyen min, heile tida.

Noreg sett utanfrå
Kirilova er frå Bulgaria, som har ein mykje lenger historie med Montessori enn kva Noreg har. Bulgaria Montessori Assosiation er frå tjuetalet, medan den norske er frå 1979. Men det har vore montessoripåverknad i norsk skule heilt sidan århundreskiftet 1800-1900. Skulereformisten Anna Sethne (1872 – 1961) var påverka av Montessori. Sethne var den andre kvinnelege overlæraren i Noreg, med Sagene skule som sin arbeidsplass. I tillegg til å innføre reform i skulen, forma ho nye skulelovar. Som skrivande redaktør i bladet til Norges lærerinnefobund agiterte ho særleg to ting: likestilling og ideane til Montessori, samt skulereformtenkjarar som Dewey og Kilpatrick. Deweys «learning by doing» var ein av grunntankane hennar.

Berre nokre steinkast frå Ullernkammen er Ullerntoppen, der det også er ein Montessoribarnehage. Her er ei scene derfrå frå sommaren: Ein gut sett seg på stolen framfor spegelen. Han tek fram solkremen, og smør seg i andletet. Ein annan gut tek kosten og tek fredagsreingjering på avdelinga. Ein tredje gut går i hagen, plukkar bringebær og deler med alle på avdelinga si.

Scene frå Gladheim Montessori på Holmenkollen: Det er utetid. To gutar og ei jente spring sporenstreks inn i boden og hentar tre motorsyklar i plast. Dei sett utfor ein bratt nedoverbakke. Jenta fer først, i full fart, hompe hompe brom-brom! Eg har sett akkurat dei tre i den konstellasjonen mange gangar. Når er det at vi mistar – særleg gutane – av syne og lar dei få mindre ansvar – og fridom? Statistikken tilseier at ein av dei to gutane ikkje skal nå målet sitt om kva han ønskjer å jobbe med i livet. Kva med motorsykkeljenta, kjem ho til å finne sin rette hylle i livet? Pedagogen i avdelinga hennar oppmodar foreldra hennar til å tilby henne materiale med hjul, og gjerne det som går i full fart ned – og opp – bakker.

Barn på Låven montessoribarnehage. Foto: Mette Karlsvik.

 

– Eit læringslaboratorium
– Montessoripedagogikken kan vere med på å førebygge forskjellane i prestasjon. Det handlar om den grunnleggande strukturen – i måten undervisningsromma og læreplanen er ordna. Det er meir fleksibelt, og tilpassa den einskilde. I montessoriskular arbeider barna med ulike ting til same tid. Det er vanskelegare å skilje seg ut og bli «ein tapar».

Slik begynner leiar i Montessori Norge, Nina Johansen, svaret på spørsmålet mitt: Kva har montessoripedagogikken å tilføre til norsk skule, for å utjamne ulikskapane. Johansen meiner at ein av dei store styrkane i utdanninga, er den heilskapelege tanken. Heilskapen begynner med barnehagen. Slik, meiner Johansen, blir overgangen til skulen mindre brutal.

– Mange snakkar om at det er viktig å gi aktivitetar til elevar som treng fysisk aktivitet. På Låven gjekk barna rundt og vaska golv, kosta, skar grønsaker og jobba med vev. Det gir kanskje ein del mulegheiter for å røre på seg?

Nina Johansen. Foto: Tomas Moss.

– Ja, og det er viktig å peike på at barna ikkje er sett til å vaske barnehagen. Dette er aktivitetar som dei blir gitt fordi barn på den alderen elskar å få bruke ein kost og vaske. Barnet ser det som aktiviteter som ein skal respektere. Dei er seg sjølve, og er inne i aktiviteten som dei driv med. Dei opplever det som meiningsfulle opplevingar. Barna utforskar omgjevnadane med sansane sine. Dei får ei røynsle av kulturen og språket gjennom sansane. Viss ein gir barnet ein leikestøvsugar, og sjølv tek den ekte støvsugaren og begynner å støvsuge, då kan du vere sikker på at barnet sett frå seg leika og vil bruke den ekte støvsugaren. Eg trur også at montessoriskular er gode til å bruke naturen og nærområda sine. Læreplana opnar for dette. Når ein lærer om delar på eit blad, så skal ein ut og sjå på dette i naturen. Det blir gjerne til små utflukter der ein ser på røtter og blader

– Men er det for mykje roleg innandørsarbeid i montessori-løpet?

– Det er fokus på uteaktivitetar i montessoribarnehagar. Kor mykje av det som er i kva barnehage er opp til den enkelte barnehagen.. Min sønn elskar hammar og spikar, sykling og slikt. I montessoribarnehagen hans kan han gjere det. Og alle må ut uansett vêr. Barna  treng å skli, hoppe i sølepytter, bevege på seg. Men innandørs skal det sjølvsagt vere ei viss ro. Ein skal beskytte barna sin mulegheit til konsentrasjon innandørs.

– Korleis blir dette overførd frå barnehage til skule?

– Når det gjeld den fysiske aktiviteten, så trur eg at det generelt er mykje rørsle i montessorirom. Romma er i seg sjølv er eit slags læringslaboratorium. Skulebarn flyttar seg frå ein presentasjon her til ein annan, og dei jobbar ofte ilag. Det jobbast dessutan med ny læreplan, der ein montessori– og idrettspedagog ser på måtar å integrere fysisk aktivitet, altså gymfaget, i mange av dei andre faga. Heller enn éin time gym på tysdag ettermiddag, skal ein ha litt fysisk aktivitet gjennom heile dagen.

Noko av det viktige med Montessori og gym per i dag, er at ein har gym i aldersblanda og mindre grupper. Dei store kan ha aktiviteter med dei yngre. Dei eldre kan vise at dei tek ansvar. Fordi ein har fleksibilitet til å gjere slike ting, så skapar du eit miljø der læraren ikkje nødvendigvis er den viktigaste. Rommet, miljøet og dei andre barna er viktige i skulekvardagen. Dette bidreg til å unngå prestasjonsforskjellar fordi ein kan tilpasse til interesse og nivå. Det er slik ein kan møte barna der ein er. Eg trur det bidreg mykje til motivasjon. Når ein gut kjem til ein skule der han ikkje får vist det han er god til, då mistar ein gløden og motivasjonen, og slik skapar du dei såkalte taparane. Det er ikkje like vanleg i offentleg skule at barna jobbar med ulike ting. Det er dessutan lite konkurranse i Montessori. Eg trur alt dette bidreg til meistringskjensle.

– På Låven trakk pedagogane fram området Harmoni og høflighet som noko som fremmar likare mulegheiter til prestasjon. Kvifor?

– Mange barn og ungdommar slit med psykiske problem, og mange treng spesialundervisning. Nordahlrapporten synte dette. Eg trur at ein av grunnane til at det ikkje fungerer, er at vi lappar litt på her og der utan å gå til kjernen. Ein kan ikkje putte fag som helse og livsmeistring inn i skulen utan å vere villige til å sjå på det grunnleggande i systemet, som lærarens arbeidskvardag. Kor mykje politikk finst det der? Skulen er politisert. Og istaden for å putte på nye og nye ting i skulen, må vi innrømme at det ikkje er noko i vegen med ungdommane. Det er difor det er ein fordel å møte barna der dei er og la dei få lov til å ha interessene sine. Ein kan putte så mange kompetansemål inn i eit ordinært klasserom som ein berre vil. Men det hjelper ikkje når sjølve systemet – det store bildet og dei store rammene – ikkje fungerer. Til dømes: viss eit barn på seks år ikkje klarar å kle på seg sjølv, da er det ikkje barnet det er noko i vegen med. Då er det vi som har hindra dei i å lære det.