Montessoripedagog
Oppstart: august 2026
Drøymer du om å vere med på å starte ein ny skule – og undervise på ein stad der barna si naturlege utforskartrong, lærelyst og meistring står i sentrum? Hos oss får du jobbe på ein liten og oversiktleg skule, med tett vaksenoppfølging, aldersblanda grupper og naturen som ein viktig del av læringskvardagen. Her får du høve til å vere med og byggje både struktur, kultur og fagmiljø – heilt frå starten.
Kvifor dette er noko meir enn ein vanleg lærarjobb
Hos oss får du høve til å:
- vere med å byggje opp skulen sitt fagmiljø frå grunnen av
- skape eit læringsmiljø der meistring, ansvar og nysgjerrig utforsking står i sentrum
- nyte «småskulefordelen»: kort avstand mellom idé og handling, og tett kontakt mellom lærarar, elevar og engasjerte foreldre
- vere del av eit fagleg nettverk av montessoripedagogar som gir støtte, fellesskap og inspirasjon
Vi ser etter deg som:
- har godkjend lærarutdanning for grunnskulen
- har montessorikompetanse for anten 1.–4. trinn og/eller 5.–7. trinn
- ønskjer å vere ein del av eit lite og engasjert team som løftar kvarandre, feirar både små og store sigrar, og veks og trivst saman
- Lærarar utan Montessori-utdanning, men med ønskje om å ta denne, er også velkomne til å søkje. Montessoripedagogar vil bli prioriterte i første omgang. Moltustranda Montessoriskule gir økonomisk støtte til Montessori-utdanning.
Personlege eigenskapar
- Du får energi når barn meistrar noko nytt og utviklar seg vidare
- Du møter barn med respekt, varme og tru på deira eiga drivkraft
- Du trivst i eit arbeidsmiljø med mykje samhald, smil og rom for utvikling – og bidreg sjølv aktivt til å skape det
- Du er like komfortabel med å planleggje pedagogiske opplegg som å setje på kaffien
- Du har ei positiv innstilling og likar å bruke naturen og nærmiljøet aktivt i skulekvardagen
Kjenner du deg att?
Då vil vi gjerne høyre frå deg. Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat før du søkjer, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.
For søkjarar som ikkje bur i området, kan vi òg bistå i søk etter bustad for å gjere overgangen enklare dersom du vel å flytte hit.
Ta kontakt med
Nikoline Lillestøl-Moltu
📞 48 12 01 52
✉️ post@moltustrandamontessori.no
Lisa Jinette Kristiansen
📞 40 16 41 83
✉️ post@moltustrandamontessori.no
Formelle opplysningar
Arbeidsgjevar: Moltustranda Montessoriskule SA
Arbeidsstad: Moltustranda, Herøy kommune
Stillingstype: Fast. 100 % frå skulestart hausten 2026 (eventuelt redusert stillingsprosent etter avtale)
Løn: Etter avtale og gjeldande tariff
Pensjon: Konkurransedyktige vilkår
Politiattest: Den som vert tilsett må leggje fram politiattest, jf. privatskolelova § 4-3
Søknadsfrist: 22. februar 2026
(Søknader blir vurderte fortløpande – vi oppmodar deg til å søkje tidleg)
Oppstart: August 2026
Søknad med CV sendast til: post@moltustrandamontessori.no
Nettside: https://www.moltustrandamontessori.no