Rektor/ Dagleg leiar

Oppstart frå våren 2026, fulltidsstilling frå hausten 2026.

Vil du vere med å starte noko heilt nytt – og forme ein skule frå grunnen av?
Her er det ingen «slik har vi alltid gjort det»-løysingar. I staden får du rom til å skape, prøve ut og utvikle – med montessoripedagogikken som kompass, og den varierte naturen på Moltustranda som ein av fleire læringsarenaer.

Dette er meir enn ei rektorstilling. Du får byggje opp både struktur, kultur og læringsglede frå grunnen av. Det er ei moglegheit til å forme barndommar, setje retning for ein heil skule, prege ei bygd – og vere med på ei reise som berre så vidt har starta.

Dette får du som rektor hos oss

Du får høve til å:

  • Byggje opp skulen sin pedagogiske profil og organisasjon
  • Vere med å forme kultur og læringsmiljø frå dag éin
  • Ha kort veg frå idé til praksis, og sjå at initiativ raskt kan bli til handling
  • Kombinere leiing med undervisning og vere tett på elevane
  • Samarbeide tett med montessorinettverk, og få støtte og sparring frå erfarne rektorar som har gått vegen før deg

Vi ser etter deg som:

  • Har godkjend lærarutdanning, gjerne med erfaring frå skuleleiing eller skuleutvikling
  • Er interessert i montessoripedagogikken (Montessori-utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav)
  • Trivst med å ta ansvar og jobbe praktisk – også når planane må justerast undervegs
  • Ser på leiing som ei reise i stadig utvikling, der du prøver ut, evaluerer og tilpassar, og der små steg over tid kan skape varige resultat når ein byggjer opp noko nytt

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i folk, og får energi når barn opplever meistring og glede i læring
  • Du er løysingsorientert og likar å byggje opp noko nytt
  • Du trivst i eit arbeidsmiljø med mykje samhald, smil og rom for utvikling – og bidreg sjølv til å skape det
  • Du er ein tydeleg leiar, samstundes som du er lyttande og open for innspel
  • Du er trygg i møte med både menneske, økonomi og administrasjon
  • Du har både orden og humor – og skjønar at trivsel og praten rundt kaffitraktaren kan byggje like mykje kultur som planar og system

Er du nysgjerrig – eller klar til å søkje?

Vi håpar du tek kontakt, også om du berre ønskjer å høyre litt meir før du bestemmer deg. Vi svarer gjerne på spørsmål om oppstarten, kvardagen i rolla og kva støtte og nettverk du vil få rundt deg.

For søkjarar som ikkje bur i området, kan vi òg bistå i søk etter bustad for å gjere overgangen enklare dersom du vel å flytte hit.

Ta kontakt med

Nikoline Lillestøl-Moltu
📞 48 12 01 52
✉️ post@moltustrandamontessori.no

Lisa Jinette Kristiansen
📞 40 16 41 83
✉️ post@moltustrandamontessori.no

Formelle opplysningar

Arbeidsgjevar: Moltustranda Montessoriskule SA
Arbeidsstad: Moltustranda, Herøy kommune
Stillingstype: Fast. Timebasert frå våren 2026 (kan kombinerast med anna stilling), 100 % frå skulestart hausten 2026 (eventuelt redusert stillingsprosent etter avtale).
Løn: Etter avtale og gjeldande tariff

Pensjon: Konkurransedyktige vilkår.
Politiattest: Den som vert tilsett må leggje fram politiattest, jf. privatskolelova § 4-3
Søknadsfrist: 22. februar 2026
(Søknader blir vurderte fortløpande – vi oppmodar deg til å søkje tidleg)
Oppstart: Etter nærare avtale (gradvis frå våren 2026)
Søknad med CV sendast til: post@moltustrandamontessori.no

Nettside: https://www.moltustrandamontessori.no