Skulen og storhavet

Då Hildre folkeskule blei montessoriskule kunne barn og ungdom i grenda få fortsetje å gå skule der dei bur. Og i rekkja av montessoriskular har ein fått ein barne- og ungdomsskule som ligg ved ope havet og kan la havet skylle inn over læreplan og kvardagsliv.

Tekst og foto: Mette Karlsvik. Artikkelen ble skrevet før skoler og barnehager ble stengt 13. mars, og sto på trykk i magasinet Montessori nr. 1/2020.

Kaia på Hamnsund er tom. Eg var den einaste som gjekk av hurtigbåten frå Ålesund. Men havet er ein trufast følgjesvenn, og kjem og kjem med tidevass-bølgjene sine. Snart svingar Nina Hildre ned på kaia. Dagleg leiar på Hilde Montessoriskule er lommekjent i det som var Haram kommune, og køyrer oss ut til Hildre, til endå opnare hav. Eg har ei plan om å snakke med ungar og ungdommar som ser hav eller fjell kor dei enn snur seg. Ser dei lenger havet, forholder dei seg til det, dei som er i den alderen der dei gjer så mange andre ting for første gong? Hugsar dei første gongen dei var i ein liten båt på ope hav? Og kva tenkjer dei om det at skulen deira blei verna og gjort til Montessoriskule?

Hildre Montessoriskule har 64 elevar, og kapasitet for nesten åtti fleire. Som den einaste montessori-ungdomsskulen i Møre og Romsdal håpar dei å trekkje til seg fleire.

Folkeskulen på Hildre blei montessoriskule i 2012. Forhistoria var at grendaskulen skulle bli lagt ned. Bygdefolket bestemte seg for at dei ville redde skulen. I tillegg til å hindre flytting av skuleplassar til Brattvåg og Søvik, ønska dei at sjølve bygga framleis skulle bli brukt. Den har i mange år vore halvt kulturhus, halv skule. Ved ei nedlegging var det vanskeleg å sjå føre seg særleg mykje aktivitet i det tidlegare bygdesenteret.

– Kva ville ha skjedd med elevane?

– Dei ville då ha blitt sendt til Søvik eller Brattvåg. Foreldra eller elevane sjølv ville ha valt kor dei eventuelt skulle gå.

– Kven gjorde eigentleg jobben med å sikre grendaskulen?

– Ei sterk dugnadsande i bygda gjorde at skulen kunne bestå. To av lærarane i bygda snudde seg rundt og tok montessoriutdanninga. Erin Hildre og Lena Ulvund hadde papira på utdanninga i 2012, rett før skulen også hadde fått godkjenninga. Så opna dørene.

Yrande liv
Eg kjem idet lunsjpausa startar. I klasseromkorridoren pilar ungar forbi frå rom til rom. 65 elevar, og omkring 9-10 lærarar og like mange assistentar er her og der. Skulen har lov til å ta imot 140 elevar. Men då må dei bygge på. Det håpar dagleg leiar Nina Hildre at dei får ein god grunn til å gjere.

– Hildre skule er unik på den måten at lærarane og assistentane er utruleg engasjerte og dyktige, seier ho. For den som ser på kartet, vil også oppdage at Hildre ligg mellom ope hav og bratte fjell, på nordvestkysten.

Hildre skule var offentleg til sommarferien 2012. Hausten 2012 fortsette drifta – som Montessoriskule. Alle elevane som gjekk på Hildre då den var offentleg fortsette som montessorielevar. I tillegg kom nokre elevar til frå Søvik, Brattvåg og andre bygder. Dette er elevar som ikkje trivdest så godt med offentleg skule, og som i følgje dagleg leiar har hatt godt utbytte av å bytte til Montessoriskule. Hildre er den einaste Montessoriskulen i Møre og Romsdal som tilbyr ungdomsskule. Difor kjem det også nokre elevar frå Grytestranda og andre skular i det som var Haram kommune. Og dette er ein ganske stor ting i ei langstrakt men litt slunkent befolka bygd.

Dagleg leiar ved Hildre Montessoriskule Nina Hildre står ilag med kontaktlærar for 7. trinn, Steffen André Kråkenes,om å jobbe for å møte berekraftmåla i åra som kjem.

– Det er ikkje så veldig mykje industri her. Industrien ligg i Søvika og Brattvågen. Men det er ein kjempeflott plass å bu, med havet og fjellet. Men vi har kjempeflinke lærarar og assistentar som tek med seg folk ut, som går ned til fjøra og leiter etter fisk og krabber og anna som ein kan finne der, og vi har òg fått eige drivhus. Vi har planta litt rundt omkring, og bruker det som er.

– Korleis integrerer de naturomgjevnadane i faga?

– Ekskursjonane kan vi bruke i alle fag, i både matematikk, samfunnsfag, norsk og engelsk. Men det overordna er at vi skal få inn berekraftsmåla i undervisninga. Det skal integrerast i alle faga. Ein av to lærarar må kursast opp på dette, som vi håpar å få midlar frå Den naturlege skulesekken, som er tilskot frå Naturfagssenteret på Blindern til grunnskulen.

– Kva skal de bruke eventuelle midlar til?

– Då skal vi vidareføre prosjekt som vi allereie har starta, som drivhuset vårt. Og kanskje skal vi starte nokre nye.

Målet for Den naturlege skulesekken er at elevar skal få kunnskap og medvit om berekraftig utvekling og miljøutfordringar. Dei skal òg forstå og utvekle løysingar på miljøproblema i dag og i framtid. Dei er med andre ord ambisiøse mål. Og dei første utfordringane går til skulen og lærarane. Skulane som får midlar frå DNS pliktar seg mellom anna til å lage tverrfaglege undervisningsopplegg, deltaking på konferansar og lærarsamlingar, og knytte undervisninga til «reelle problemstillingar i nærmiljøet». Så kva er dette nærmiljøet, og er det realistisk at elevar kan komme til å «utvikle løysingar på miljøproblema»?

Marin industri, marint liv
– Vi har dei beste elevane i verda!

Montessoripedagog og lærar Lena Frida Arehns Ulvund let meg få låne ein del av elevane sine. Ein ganske stor gjeng frå 4. trinnet er samla rundt matbordet, og smører seg skiver med egg og kaviar eller salamipølse. Eg spør kor mange av dei som har vore ute i ein liten båt på havet. Alle hendene i vêret. Eg spør kven som har vore på havet og kjent seg utrygge. Då kjem det ymse historier, mellom anna om å eige eigen seglbåt og regelmessig sigle med familien gjennom Hustadvika og til Molde.

– Og det går bra?

– Kjempebra! Eg hjelper til med å kveile tau. Men eg har eigentleg vasskrekk, seier Astrid og ler, og legg til: «Hersens Titanic».

Det kjem fram at fleire av Hildre-elevane har sett filmen Titanic, og sidan blitt litt skvettne på havet. Å ha vasskrekk i eit område der det aller meste dreier seg om havet er nok interessant. Tidlegare har skipsindustri bore økonomien. Det er ein særs konjunkturavhengig industri, og for tida er konjunkturen litt nede. Maritim industri er framleis det bærande, og akkurat no går den bra. Folk vil busetje seg. Ein har mange midlertidig busette som bur i brakkebyar eller leiger bustadar rundt omkring. Og så har ein altså skulen. Når eg spør korleis dei brukar havet i skulekvardagen, kjem det unisont frå to samtidig: Vi badar!

– Vi gjeng berre ned til fjøra. Om sommaren tek vi med oss badedrakt og så får vi bade.

– Brukar de fjøra til skulearbeid?

– Vi finn skjell og fine steinar, som vi lagar ting av.

– Kva med naturfag? Brukar de fjøra der?

Ein gut fortel om då dei fann krabbar. Astrid fortel at ho lagde krabbesjukehus på stranda, og entusiasmen omkring forteljingar frå fjøra er høg. Det verkar altså ikkje muleg å bli blasert av livet i fjøra eller havet, det store.

Rusle til skulen, sykle ut til øyene
Når eg spør kor mange som kan gå til skulen, er nokre litt nølande med å rekkje handa i vêret. Kan og kan. Dei fleste bur i bygda. Men det er ikkje alltid at vêret fristar til å gå. Ganske sjeldan er vêret bra på desse kantene av landet. Men poenget mitt blei stadfesta: Då grendaskulen blei trygga, treng ingen reise heilt inn til Søvik eller ut til Brattvåg for å gå på skulen. Men det finst eit par som frivillig kjem inn frå Søvik kvar dag. Han har bytta skule for å gå på Hildre.

– Her treng eg ikkje alltid sitje ved pulten. Og istaden for å halde på med bøker kan eg drive med materiellet, seier den eine. Den andre legg vekt på at han får velje meir sjølv.

– Kva liker du å jobbe med?

– Geografi! Teikne kart og sånn.

Og for å setje oss på kartet: Hildre er ei langstrakt bygd mellom dei større sentra Søvik i sør og Brattvåg i nord. Fram til januar i år var Hildre ein del av Haram kommune. No er Haram kommune ein del av Ålesund, og kommunikasjonen inn til denne største byen i Møre og Romsdal viktig. Men spesielt enkelt er det ikkje å komme seg frå Ålesund til Hildre. Det går hurtigbåt eit par -tre gongar om dagen og like mange gongar om kvelden, og retur tilbake til Ålesund på ein måte som gjer at ein kan få frå to til sju timar å bruke der ope på nordøyene. Eg blir henta av dagleg leiar ved Hildre Montessoriskule, og lærer, på den tjue minutters køyreturen med henne, at noko er i ferd med å skje med samferdselen der ute ved havgapet. Ikkje nødvendigvis den mellom Ålesund og nordøyene, men innbyrdes mellom øyene. Fastlandsambandet Nordøyvegen bind øyene utanfor Hildre; Lepsøya, Fjørtofta og Harøya til Hildrestranda.

Det er ganske fantastisk å komme til Hildre denne dagen tidleg i mars. Vêret er fantastisk. Nærleiken til opne havet er påfallande, nærmast påtrengande. Ein ser rett ut til utrote horisontline. Det er berre ein liten sykkeltur frå skulen til ferja ut til øyene. Dette er noko skulen har benytta seg av fleire gongar. «Øyhopping» har vore ein form for ekskursjon som elevar på alle alderstrinn har vore med.

– Vi sykla ut til Fjørtofta, og overnatta i Lavo. Så fekk eg lov til å guide rundt på heimplassen min.

Eg har no komme ned til kjellaren av skule. Der er skulens eldste elevar, ein gjeng frå sjuande til tiande trinn. Amalie frå Fjørtofta, ei av dei yttste øyene i området, fortel om øya som har vore heim for folk i ti tusen år, og som i sin tid var eit større sentrum enn Ålesund. Folk har flytte ifrå dei siste tiåra.

– Men no kjem det ein veg som gjer det lettare å komme seg dit.

– Kunne du tenkje deg å flytte tilbake til Fjørtofta når du har studert ferdig?

– Ja!

Men før ho kjem så langt, skal ho nok ta ein del viktige val. Utdanning, til dømes. I går var den store søknadsfristdagen for vidaregåande utdanning. Éin av tiandeklassingane som sit her veit ikkje kva skule ho skal gå til hausten fordi valet blei så stort at foreldra søkte for henne. Ein annan vil ha eit friår og skal bu med slektningar i Oslo-området ei stund. Og det er ikkje det einaste vanskelege valet. Eit par sjuandeklassingar må no avgjere om dei skal fortsetje på Montessori når dei begynner ungdomsskulen eller om dei skal gå på ungdomsskulen i Brattvåg. Ein av dei som valde bort Brattvåg fortel kvifor: Det er så gode lærarar her på Hildre. Og så er det friare her enn i Brattvåg.

– Vi søkte oss bort frå Brattvåg og hit ilag, fortel to av elevane: «Vi tykte det blei mykje. Den vanlege skulen var litt meir A-fire. Viss ein ikkje passar heilt inn, så blir et vanskeleg.

Også Natnael i åttande trinn kjenner det som at han har komme på rett plass etter at han kom til montessoriskulen.

– På andre skular kan det vere ein dårleg ting om ein ikkje har lyst til å sitje stille heile tida. Her kan eg jobbe med det som eg er god til.

– Kva er du god til?

– Matte, programmering og engelsk, seier Natnael, og fortel at han jobbar særleg med desse faga her.

Hildre Montessoriskule legg vekt på å bruke dei fantastiske naturomgjevnadane sine, særleg havet og fjellet. Ungdomstrinnet bruker det til både gym og naturfag. Frå venstre: Natnael, Amalie, Tora, Celina og Dana.

Når eg spør ungdomsskuletrinnet om korleis dei brukar naturmiljøet som elevar, dreg alle fram gym. Dei går i fjellet, går turar, og har desse sykkelturane ut på øyene.

Kva med ungdomstrinnet og havet. Har nokon av dei opplevd utfordringar med å leve så tett på havet? Amalie foretl om då familiebedrita skulle ha sauesanking:

– Eg veit ikkje kvifor oldemor mi måtte frå ein båt til den andre. Men vi spente opp eit tau mellom båtane, og ho falt uti.

– Gjekk det bra?

– Ja! Ho var jo rundt åtti.

– Så ho hadde vore i iskaldt hav før.

– Ja, ho vart fort varm igjen.

Snøfritt
Iskaldt hav til tross: Også Hildre kjenner på klimaendringar. Så her er absolutt reelle problemstillingar å ta tak i. Sjølv om ekstremvêr og monsterstormar har funnest så lenge lærarane ved skulen hugsar, så viser statistikken at stormar er hyppigare. Det har praktisk talt ikkje vore snø på Hildre denne vinteren. Men førveka hadde dei to dagar med nysnø og sol. Då heiv skulen seg rundt og drog på skida. Elevane kosa seg mykje. Det å gå på snø i strandsona er då også ei vakker røynsle: ein har fjellkjensla i kroppen, og utsikt til det opne, salte havet. Det er eit hav der det no jobbast iherdig med å få på plass bruer og tunellar. For overalt, på alle øyene, bur det folk. Og at skular som Hildre Montessori finst, bidreg til at det ikkje berre er enklare å ha familie her. Skal eg tru elevane som eg snakka med her i dag, er utdanninga som dei no får meir givande enn det dei før har erfart.